ness
30-jul-2008

Friends gjennom 10 år

Tidleg i mai bestemte eg meg for å gjere «Friends» om frå ei sjeldan og tilfeldig sett komedieoppleving på TV2 til ein grundig besøkt serie sett på eigne premiss, nemleg mange, i kronologisk rekkefølge, gjerne fortløpande. No kjenner eg folk som har brukt mindre enn mine tre månader på serien, men herre, ein må jo pause i blant!

At eg har fullført løpet seier ein del, som at eg har likt serien, at eg ikkje har blitt lei, at «Friends» går an å bruke 87 timar av livet sitt på utan å bli sinnsjuk eller emosjonelt nedbroten, at eg til tider har sett litt for mange episodar etter kvarandre då eg i tillegg til «Friends» desse tre månadane har sett andre tv-seriar, filmar og gjort ting utanom. At ting utanom i blant har gått på bekostning på «Friends»-sjåing, som denne dagen då eg skriv dette og ikkje har rukke anna etter jobb enn å ete middag, sett «Friends» og ete kveldsmat. Det får bli med dette.

Om serien vil eg sei følgande, den har hatt ei kraftig utvikling, både for det betre og verre, gjennom dei ti åra den rulla over skjermen. Første sesong staka ut komediekursen og serien fann etterkvart tonen på dramafronten, finjusteringar skjedde over tid både med tanke på skodespel, vitsar og seriøse plotlines. Lenge var det eit godt driv i serien, sjølv om eg aldri kan sei meg frelst leverte den som forventa av morsomheiter, var dønn stabil og eit tilsynelatande godt produkt. Ikkje alle karakterane er like morsomme heile vegen, men det er pirking å klage for mykje, før det nærma seg slutten.

Dei som fulgte serien over lengre tid kan eg forstå vil sette pris på ei avrunding som føregår gradvis over heile den siste sesongen, personleg synst eg seriens to-tre siste sesongar var ein tur på veg nedover, om likevel ikkje ein nedtur i ordets forstand. Den beste tida er mellom andre og femte sesong, her er humoren perfeksjonert, serien spelar ikkje altfor mykje på vaksne greier som bryllaup o.l. og slepp denne tippinga over mot å lage enkelte sekvensar som utelukkande er dramatiske utan vitsepoeng.

Når serien er ferdig sit eg ikkje igjen med noko klump i halsen, eg tenker mest på kva det neste store tv-prosjektet mitt skal bli, min neste «fix» kan du kalle det, og får seriøse tankar om dette. «Friends» varte litt for lenge og trappar etter kvart ned på det meste av det som gjorde den god på sitt beste, det er difor ikkje så mykje igjen som kan føre til eit «sluttsjokk» (definisjon: det du opplever når du har sett ferdig «Six Feet Under»).

Har eg virka i overmåte negativ på enkelte område her og du stiller deg spørsmålet kvifor eg i heile tatt såg denne serien eg virka å vere halvfornøgd med må du vite at det aldri er artig å skrive gjennomsnittlege positive innlegg, men at det er så mykje greiare å sette småting på spissen eller ende opp med fullstendig skryteskriveri.

 
ness
05-mai-2008

Friends sesong 1

24 episodar.

Som dei fleste har eg sett «Friends» på TV2 i løpet av åra, aldri fast, men likevel nok til å kjenne både ulike karakterar og storylines. No har eg altså starta så smått på serien i kronologisk rekkefølge, og tankane etter å ha sett første sesong er følgande.

«Friends» er morsomt. Det er stort sett noko å smile over heile vegen, og det var det eg var på jakt etter. Utan å gjere dette om til eit innlegg av den typen så kan eg vel også konstantere at eg har sett betre komediar. «Friends» har ikkje, så tidleg i fasen iallfall, det som skal til for å hekte meg og kaste meg over neste episode, her må mi eiga lyst for komedie stå åleine. For min del var det akkurat ein slik serie eg var på jakt etter, noko som ikkje trakk meg så djupt inn i tv-land som andre seriar har gjort den siste tida, eg var altså berre på jakt etter noko morsomt.

Lite trengs å bli sagt om «Friends» med tanke på handling, karakterar, oppbygging. Det er klart at serien har vore med på å danne trendar i ungdomsmiljøet eg var ein del av, for her er det lett å kjenne igjen uttrykk og måtar å uttrykke seg på, likevel om det no er amerikansk.

Planen min, for å skulle høyre litt seriøs ut, er å fortsette på serien. Eg likte altså første sesong godt nok til å få lyst til det. Likevel om eg ikkje er så nøyen på det akkurat no så reknar eg med serien blir endå betre bearbeida på dramadelen utover, då eg veit nokre av vegane historien vil gå etter kvart.

I morgon er det forresten akkurat 4 år sidan avslutningen på 10. sesong!