The Game (1997)

IMDb: 7.6/10 (47,725 votes)

The GameMichael Douglas pussar dei dyre lakkskoa sine nok ein gong og trår inn i rolla som forretningsmannen mange har lært seg å kjenne. Denne gongen er han blant San Franciscos rikaste og kan karakteriserast som mannen som har alt, eller iallfall det meste, tilværelsen hans er prega av forutsigbarheit og det at han har full kontroll.

Når bursdagen til Nicholas van Orton (Douglas) nærmar seg dukkar broder Conrad opp, greitt nok tolka av Sean Penn, og gir Nicholas ein av få ting som kan givast til mannen som har alt, eit gåvekort for deltakelse i The Game, eit skreddarsydd spel som vil ta plass i kvardagen til Nicholas i nær framtid. Stort meir enn å kalle det eit spel vil eg ikkje gjere, då heller ikkje filmen gir ei definisjon på dette, her er opp til publikum å lære undervegs.

«The Game» startar ganske roleg, Douglas gjer ei rolle han tydeleg kan og filmen byr ikkje på dei store overraskelsane i løpet av den første delen av filmen. Etter litt tid byrjar det å bli fart i sakene, sjølv om mykje av framdrifta ligg i korta blir det spennande etter kvart, det å avdekke alle laga filmen er bygd opp av gir iallfall meg glede. David Fincher har eit auge for detaljar som kan avlesast undervegs, utan at desse blir for opplagt til å gi inntrykk av at han undervurderar publikum. Filmen er nok ikkje mannens sterkaste, men køyrer stort sett på til siste slutt, og fell i smak her.

7/10

Zodiac (2007)

IMDb: 8.0/10 (26,723 votes)

ZodiacSøndag kveld var det David Fincher som stod for underhaldninga i heimen. Regissøren bak «Se7en» og «Fight Club» har eit rykte å leve opp til, og når «Zodiac» attpåtil skulle vere 158 minuttar lang.

I løpet av den første delen av filmen blir det servert veldig mykje fakta, det skjer stadig tidshopp og eg har problem med å få med meg alt. Det er ikkje før historia dreiar inn på Jake Gyllenhaal si journalistrolle at «Zodiac» samlar seg nok til å bli skikkeleg spennande og interessant. Definitivt ei betre løysing enn å gjere andre del til den rotete og tynne delen, men eg sit med inntrykk av at innleiinga kunne ha vore gjort betre.

«Zodiac» er basert på ei sann historie, og prøver så godt det går an i ein spelefilm å vere tru mot grunnlaget. Det startar med eit angrep / mord på eit kjærastepar i 1969. Ein pr-kåt seriemordar følger opp med fleire og sender til stadigheit krav og kodar til media og politiet. Etterforsking føregår på høgt gir, men det lykkast ikkje i å ta mordaren. Filmen hoppar i blant nokre veker, månader eller år til dei stadene i saka med større utvikling, slik bevegar me oss fort inn på 1970-talet.

Downey & Gyllenhaal

Politietteforskar Mark Ruffalo, journalist Robert Downey Jr. og illustrator / journalistspire Jake Gyllenhaal blir alle oppslukt i Zodiac-saka og angrip dei kalda fakte frå ulike sider. Ingen av dei imponerar før Jake Gyllenhaal åleine nærast tek over filmen. Det vil ikkje sei at dei var dårlege, men glei glatt inn i miljøet utan verken mas eller moro.

«Zodiac» kom godt ut av det heile til slutt. Den føles ikkje direkte lang med sine 2.5 timar, sjølv om første timen forvirra ein del var det alltid nok å sette tennene i, så nokon slapp film blei det aldri. Den krev nok at publikum held tunga rett i munnen, så for min del hadde det nok lønna seg å sett den ein gong til. Litt delte kjensler omkring filmen, men eg legg skulda på meg sjølv denne gongen.

7/10

Se7en (1995)

IMDb: 8.5/10 (126,296 votes)

SevenDei sju dødssyndene; hovmod, griskheit, begjær, misunnelse, fråtseri, vrede og latskap er grunnlaget for ein serie mord som blir begått i eit meir lugubert strøk av ein uspesifisert amerikansk by. Detektiv Mills i form av Brad Pitt og Morgan Freeman som detektiv Somerset blir satt på saka å finne ein mordar som er smart, intelektuell og ikkje minst ko-ko.

Nervepirrande er stikkordet her. Nesten alle scenene er gjennomført på ein så god måte at eg må smile, tross dei grusomme syna av mishandla kroppar og den pressande atmosfæren som ligg over heile filmen. Som ei scene når Mills og Somerset ventar på gangen på politistasjonen, og Mills skal legge seg ned og kvile med hovudet på armlene i sofaen dei sit i. Då løftar han seg ligg, dyttar vekk askebegerstativet som tydelegvis står for nær og luktar vondt, og så legg seg ned igjen. Berre eit lite eksempel på regissør David Fincher sin sans for detalj.

Desse to detektivane er eit radarpar utan like, så forskjellige, men også så like i si sak. Det er denne perfekte matchen som gjer filmen, og ein provoserande sluttdel. Blod, gørr og grusomheiter kan jo filmar som «Saw» kopiere utan problem. Så dommen er klar, tommel opp til Pitt og Morgan.

7/10