Michael har fått eit brev frå ei beundrarinne. Han håpar og trur det er Debbie, jenta han likar, og får den felles venninna Toni til å overlevere eit eige komponert brev. Så hamnar brev på avvege, og alt blir berre kluss.
Filmen si handling kan verke litt enkel, mykje på grunn av at me som publikum raskt skjønnar kven som har sendt det første brevet, og at forviklingane undervegs ballar på seg etter eit kjent mønster. Det som reddar «Secret Admirer» frå å bli ei tidtrøyte er ein slask i hovudrolla, til tider idiot og stein dum.
Michael (C. Thomas Howell) likar Debbie, trass i at ho ikkje er spesielt likande, sett bort frå eit pent ytre. Han er fullstendig fortapt i denne overflatiske forelskinga si, og overser alt anna. Så er det Toni (Lori Loughlin), som skriv om breva til Michael, dette snur utviklinga i ei retning som liva til desse ungdommane ikkje er meint å ta, ut i frå deira plassar i eit fiksjonunivers av denne typen. Men det er når breva som blir sendt rundt hamnar i fanget hjå foreldra til Debbie og Michael, og kjensler oppstår på tvers av ekteskapa, at filmen blir krydra med komisk augeblikk. Desse hindrar den i å gå seg tom i løpet av ein halvtime.
Kompleks, men ikkje fullt så kompleks likevel, kan filmen seiast å vere. Den leverer meir enn forventa, og det er nok til at den gir eit godt inntrykk. Dessutan er det morosam, og Lori Loughlin, er heller ikkje å fornekte. Undervurder aldri den søte jenta i amerikansk ungdomsfilm frå åttitalet. At Kelly Preston spelar akkurat same type jente, i same type rolle, som i «Mischief», ungdomsfilmen frå same årstal, er ein liten bonus for den sjangerinteresserte.
