18 episodar.
Komedie om utvekslingsstudenten Raja frå Pakistan som hamnar i den hyggelege, men rare familien Tolchuk i USA. Det handlar om Raja og den like gamle Justin Tolchuck som ved sidan av å slite seg gjennom highschool ved å vere i den mindre populære gruppa støyter på problem knytta til at Raja er muslim. Kor vidt det var i konkurranse mot «King of the Hill» «Aliens in America» til slutt møtte øksa (serien er avslutta etter 18 episodar), eller folk generelt mislikte serien forblir meg eit mysterium, eg synst sjølv «Aliens in America» har vore morosam og kjekk å følge. Den tek opp ungdomsproblem på ein lett måte og har ei god gruppe morosame karakterar å bygge det med.
