ness
05-feb-2007

The U.S. vs. John Lennon (2006)

The US vs John LennonIMDb: 7.4/10 (470 votes)

I denne dokumentaren følger me John Lennon og Yoko Ono i ein periode frå slutten av 1960-talet og utover då Richard Nixon var president i USA, det var drive krigføring i Vietnam og fredsrørsla hadde sitt oppspring. Etter ein famlande første halvdel der dokumentaren ikkje heilt vil slå seg til ro med noko bestemt, snur vinden og gir giv til filmen. Sjølv om eg er veldig mykje for det meste av det som blir sagt her, og i enkelte deler får lyst til å engasjere meg meir, så må eg påpeike kor einsretta dokumentaren er. Den kunne like gjerne heitt «The Big Bad U.S. vs. the Peaceful John Lennon» (dårleg forslag, men du ser poenget). For alt eg veit kan det jo hende det var slik dom dokumentaren framstilte det at det faktisk var, men det er vanskeleg å vurdere eit subjektiv stykke arbeid. Dette har eg vel eigentleg påpeika tidlegare etter å ha sett dokumentarfilm, og eg forventa jo at det skulle vere slik her, så eg brukar ikkje det som eit argument når eg trekk ned på vurderinga. Det har å gjere med at det her er for mykje repetisjon i forhold til særleg nytt, og kunne godt ha blitt korta ned til eit 50-minuttar tv-program (frå sine 96 minuttar).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10