ness
26-mar-2008

Doctor Zhivago (1965)

IMDb: 8.0/10 (20,642 votes)

Doctor ZhivagoSom ein av «utsettarane» gav det ekstra glede over endeleg å kunne sjå dette episke David Lean verket. Første gong eg la merke til filmen var for fem år sidan i romjula, då den gjekk på ein eller filmkanal, det var noko med bilde som gav meg ei umiddelbar trang til å sjå heile filmen. Å fortsette å sjå den i selskapet eg var del av var uaktuelt, både fordi eg ville oppleve dette frå starten av, og at familieselskap er heilt feil plass å styre vidare med ein over 3 timar lang film. På grunn av lengda har eg stadig utsatt planen, timingen skal jo helst vere rett og «Lawrence of Arabia» brukte eg eit par månader på å psyke meg opp til, noko som igjen utsatte «Doctor Zhivago». I fjor kom eg så langt som å sjå dei fem første minuttane, tekniske problem stoppa meg, så når eg no før påske fekk skaffa meg filmen på eigen DVD var det både forventingar og ei opparbeid lyst til å nærmast elske den uansett korleis den skulle vise seg å vere som var utgongspunktet mitt.

«Doctor Zhivago» tek opp det meste av fritid på ein kvardags ettermiddag, men gir tilbake i form av ei velfortalt historie som berre avbroten av «intermission» er eit aldri så lite mesterverk. Her blir me kjent med Yuri Zhivago, nyleg utdanna lege når revolusjonens hjul byrjar å rulle i Russland. Ved sidan av er han eit levande menneske, viss dikting og kjensler er det viktigaste. Mora døydde ved ung alder og han blei sidan adoptert av ein familie der dottera skulle bli kona hans med åra. Under krigslege omstendigheiter møter han Lara, kvinna han kom til å elske. Krig og Kjærleik, dei to store K-ane, ei speletid på over 3 timar og Russlands ville, kalde vinterlandskap. Eg håpar dette gir eit godt nok bilde av kva det her dreiar seg om.

Forutan å vere godt fortalt, har «Doctor Zhivago» nydeleg foto og ein temamelodi som er skapt for å sitte - ikkje uventa frå ein David Lean film. Omar Sharif spelar Zhivago etter at Peter O’Toole («Lawrence of Arabia») blankt takka nei og Max von Sydow også var vurdert, med Julie Christie som Lara og ein elles flott stab i gode rollar er alt her på plass, type film teke i betrakning. «Doctor Zhivago» er nok ikkje for alle og einkvar med sin utprega romantikk, sjølv om det ikkje nådde inn til margen hjå meg er eg likevel blant dei som likar filmen godt. Eg hadde håpa denne skulle fukte tårekanalen ørlite med ulykkene sine, det gjorde den diverre ikkje, og eg avstår frå å gi den toppkarakter på grunn av dette. Eg legg ikkje skjul på at eg faktisk kan tenke meg å sjå opp igjen «Doctor Zhivago» med tid og stunder, og anbefalar dei som har vurdert å sjå den i det minste om å ta steget.

Ei oppklaring rundt «toppkarakter» kan passe her, sidan eg veit folk bryr seg mykje om karakterane. 9 er altså førstegongs toppkarakter, 10 er forbeholdt gjensyn som stadfestar gode filmar. Alt er sjølvsagt heilt personleg. Unntak har blitt gjort tidlegare, eg kan umogleg nekte for det, denne vurderingsmåten er noko eg har adoptert i nyare tid.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-mai-2007

The Bridge on the River Kwai (1957)

IMDb: 8.4/10 (34,086 votes)

The Bridge on the River KwaiDavid Lean er ein mann med forkjærleik til store produksjonar og lange filmar. «The Bridge on the River Kwai» er ingen unntak.

Ein britisk tropp er tekne til fange av den japanske hæren som her held til i Thailand. Det er andre verdskrig og arbeidskraft for å fullføre ei jernbane mellom Bangkok og Rangoon er nødvendig. Sjefen over arbeidsleiren med ansvar for å bygge bruka over elva Kwai er ein ond djevel, men det harde taket han har på britane ser ikkje ut til å hjelpe på moralen.

Samtidig som britane og japanarane styre på i leiren har overkommanderande ved kysten andre planar.

Problemet til denne filmen, for å gå direkte på sak, er at den er altfor lang. Mange av klyppa har eigentleg ingen relevans for verken forståelsen av handlingsforløpet eller stemningsskaping. I blant kan eg oversjå at ting går langsomt, men her blir det i overkant - heile vegen. Filmen i seg sjølv er god den, og har ei fin historie. Overfladiske karakterar i stor grad, men i blant glimtar nokre av dei til med sider som gjer at eg ikkje klarar å mislike filmen. Dessutan må vel slutten seiast å vere spennande, her må eg motsei meg sjølv og gi kudos til det langsomme tempoet.

Når eg er nødt til å sitte 2 timar og 40 minuttar for å fullføre noko eg har inntrykk av at kunne blitt meir spennande og like djupt på 1 time og 40 minuttar, så er det vanskeleg å ikkej gjespe. Det er derimot ikkje kjedeleg slik at eg sovnar. Så det er sagt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-jun-2006

Lawrence of Arabia (1962)

Lawrence of ArabiaIMDb: 8.6/10 (38,880 votes)

Denne 3 timar og 36 minuttar lange filmen har det som skal til for å vere ein klassisk storfilm. Den er påkosta, varer lenge og har stemningsfull musikk. Går forbi det å handle om eit stort slag. Det blir brukt mange store ord, og mektige menn. Galskap er uungåeleg, og blod blir utspelt i massevis.

Eg var litt skeptisk til å sette meg ned med denne filmen, som eg ofte er med lange filmar. Men når ein først kjem i gong med denne, så går det rimeleg godt unna. Det er ingen som kan nekte på at filmen er lang, og 216 minuttar krever minst ein pause. Dette er den første filmen på lenge eg har sett med ein intermission.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10