«The Cowboy and the Frenchman» er i hovudsak ingen kortfilm åleine, men eit segment frå «Les Français vus par», ei samling ulike framstillingar om franskmannen som person. Me har hoppa frå tidleg 1970-tal i dei første kortfilmane til seint 1980-tal. Harry Dean Stanton dukkar opp her, og for folk som har sett «Twin Peaks» vil óg andre ansikt vere kjente. Borte er forstyrrande surrealisme til fordel for komedie og vektlegging på klisjear når cowboyen møter franskmannen.
David Lynch skreiv eit hastemanus på 1 døgn som blei til «The Amputee». Eigentleg er dette ei utprøving av nytt kamerautstyr for AFI, som Lynch overtala til å få meining. Ei dame med amputerte bein tenker (tomme ord med voiceover) medan ein pleierske rensar såret på det eine beinet. Nysgjerrigheita her ligg i kva ho eigentleg tenker omkring. Sidan det var to kamera som skulle prøvast ut blir me vist to opptak av ei lik scene, det er eit for mykje.
«The Grandmother» er 34 minuttar med sjølvpining for sjåaren. Liten gut plantar seg ei bestemor i ei seng på loftet, og blir elles mishandla av foreldre med smalt ordforråd. Dette oppsummerar historia, resten er overlete til bilde å formidle i noko som minnar sterkt om «Eraserhead» i stil. David Lynch fekk støtte av American Film Institute til produksjonen. Surrealistisk, forstyrrande og tålmodigheitskrevande.
«The Alphabet» var resultatet av ei pengestøtte Lynch fekk av H. Barton Wasserman i ettertid av «Six Figures Getting Sick» — som han vann ein liten pris med. Med 1000 dollar i lomma kjøpte Lynch seg eit skikkeleg kamera. Det nye prosjektet gjekk først i dass, men han prøvde pÃ¥ nytt med ny idé. Resultatet blei nok ein animert kunstkortfilm som baserar seg pÃ¥ Lynch sin idé om ei nieses mareritt. Stikkorda er nok ein gong sjukt og forstyrrande.
«Six Figures Getting Sick» var David Lynch sin aller første film. Den kosta han 200 amerikanske dollar og varte i knappe 4 minuttar. Me får sjå ein animert sekvens opp igjen seks gonger og høyrer ei ulande sirene på lydsporet. Som kunstfilm er dette ei absolutt tålmodigheitsprøve. Sjølve animasjonen er faktisk litt stilig, men har dette noko meining?
Den er spesiell, og eg vil også sei sær, samt altfor snodig for min del. Eg kan i grunn forstå at nokon vil like den for det, og det er ein David Lynch film, så det er heller inga overrasking.
Men for meg var ikkje dette rette tingen, eg tenkte med gru tilbake til den gongen eg såg «Pi», og den rare, nærast ekle, stemninga eg fekk der.
7 episodar.
Det er alltid rart å starte på ein serie som ein har høyrt så mykje snakk om over fleire år, men aldri tatt seg tid eller brukt energi på å sjå sjølv. Twin Peaks har aldri vore meir for meg enn David Lynchs TV-serie, kultserien som blei kansellert eller favorittserien til veldig mange. Når eg i går stod på Platekompaniet og vurderte kva TV-serie eg skulle bruke 300kr på, så var det Twin Peaks som tok mesteparten av fokuset. Kvifor ikkje, tenkte eg, det er kanskje på tide.
Når ei populær jente er funne myrda i Twin Peaks, blir FBI spesialagent Dale Cooper (Kyle MacLachlan) sendt for å etterforske, men oppdagar fort at det er fleire rare ting som skjer i byen. Slik blir det kort og greitt oppsummert på TVRage, og å gå djupare inn på det vil vere å kaste vekk tid.
Pilotepisoden startar med ein lang versjon av opningssekvensen, og tek med sin drøymande musikk av Angelo Badalamenti ein rett med inn i noko ein anar ikkje vil bli ein heilt normal by. Det er ei mystisk stemning som heng over serien, men det er ikkje alltid like dystert. Når det ikkje er mord, blod og samansverjingar på gang kan serie vere lystig og morosam. Følelsane varierar frå tragedie til lykke, og det kan bli ei sterk blanding.
Serien er ei samanhengande historie, utan enkeltståande episodiske småhistoriar. Det er difor utruleg lett å bli hekta, og det går an når det berre er 7 episodar. Forhåpentlegvis ligg ikkje den andre sesongen så langt unna i tid som DVD-utgivelse heller, ettersom det er 2 år sidan den første kom ut.
Det første plusset vil eg gi til musikken, ei god blanding med filmmusikk av Angelo Badalamenti og populærmusikk. Badalamenti var ein komponist eg verkeleg fekk opp augo for gjennom «The Straight Story», ogsÃ¥ ein David Lynch film, og som eg har lagt merke til nÃ¥r namnet har dukka opp i ettertid. Slik kom eg til Ã¥ legge ekstra godt merke til musikken hans her, og det skuffar ikkje, det gav ei verkeleg bra stemning. Nicolas Cage’ framfører eit par Elvis Presley lÃ¥tar som ogsÃ¥ gir eit sterkt inntrykk, og elles er det ein del Chris Isaak inni bilde.
Nicolas Cage tek meg over på det andre plusset, dvs. han er det andre plusset, eller ein stor del av det iallfall. Eg har kanskje ikkje sett så mange filmar med han i, mest «Gone in Sixty Seconds», «National Treasure» og «Adaptation» som eg kjem på. Men her i denne filmen er utvilsomt den beste rollen eg har sett han i, det er gjennomført stil. Jakke i slangeskinn, råkule kommentarar og feite solbriller. Også skal eg heller ikkje hoppe over alle dei andre som er med på å gjere filmen til det den er, Willem Dafoe som kriminell med eit sjukt smil. Harry Dean Stanton som litt soft etterforskar, som i ei scene møter den grusomme Durango (Grace Zabriskie), ei fantastisk artig scene å sjå etter å ha sett dei to spele mot kvarandre i «Big Love» tidlegare i år.
Det er fleire pluss, men for ikkje å gjere det til ein opplistingspost, så går eg rett over på David Lynch. Wild at Heart har som fleire andre Lynch-filmar eit snev av det overnaturlege. Heldigvis, for flyten i filmen, er det ikkje så altfor mykje av dette, og det går fint an å få med seg historien. Små deler stussa eg likevel på kva betydde, utan at eg tenkte på det som anna enn ei spiseskei Lynchkrydder i filmen. Det kan ikkje samanliknast med verken «Lost Highway», «Blue Velvet» eller «Mulholland Drive». Kanskje dette er grunnen til at filmen har klart å opparbeide seg kultstatus, ettersom den går an å få med seg ei enkel handling her.
Eg tenkte ut nokon fleire ting undervegs medan eg såg filmen, men den var så lang og god og full av mykje handling at eg mista litt grepet på ting etter kvart. Eg mista ikkje grepet på filmen derimot, den var grei å følge heilt ut. Det var heller så mykje å legge merke til som gjorde at den eine artige episoden tok over for den andre interessante episoden. Osv. Ein god filmoppleving, gjennomført!
Eit einaste langt gjesp, som eg tvinga meg gjennom i håp om at den skulle bli bra etter kvart, men det skjedde aldri. Eg mista tråden om kven som sloss mot kven, og kvifor krydderet dei snakka om var så viktig, så eg gjekk vel eigentleg glipp av heile historien der.
Blant David Lynch sine filmar er dette den verste eg har vore borti, men også den mest påkosta. Har Lynch gått med på å lage denne for å få kreditt nok til å lage eigne prosjekt etter kvart, eller er dette nok ein spesiell film av fyren?
Spesialeffektar er ikkje vits å diskutere, dette er starten av 1980-talet og det dataanimerte er godt under middels. Men når det gjeld eldre filmar legg eg heller aldri vekt på å vurdere slikt, det er noko som berre er tilfelle ved nye filmar som heilt og holdent sel seg sjølv som effekthorer. Musikken er laga av Toto og er typisk filmmusikk, bortsett frå rulletekstsporet som tydeleg gir oss ei ide om kva tiår dette er laga i.
Ingen av karakterane her var særleg folkelege, og eg følte aldri at eg kom nær nok innpå nokon av dei til å verkeleg bli interessert i kva som skjedde eller skulle skje. I motsetning til dei lysare og meir humorprega Star Wars filmane så er dette mørkt og kaldt. Til tider blir bilde for mørkt for min kontrastsvake PC-skjerm, noko som eg ikkje legg merke til at den er anna enn når ein film går over hovudet på meg.
«The Elephant Man» av David Lynch er ein av dei filmane som har gjort størst inntrykk på meg på veldig lenge. Eg hadde faktisk gløymt at ein film kunne få fram så mykje. Om dette skuldast at eg ser ein del film, så det blir ein vanleg del av kvardagen, eller at eg ikkje har sett så gode filmar på ei stund, er eg faktisk usikker på.
Filmen handlar kort fortalt om Jospeh Carey Merrick, i filmen kalla John Merrick, eit namn også brukt i fleire samanhengar. Han er veldig deformert, spesielt i ansiktet, og blir kalla Elefantmannen. Merrick er eit offer for menneskets nysgjerrigheit, i og med at det alltid er nokon som ser verdien i å ta betalt for å stille han ut. Ein dag får doktor Frederick Treves nyst om Merrick, og reiser for å sjå han. Han oppdagar at Merrick er sjuk, som i ikkje berre deformert, men at han har bronkitt. Merrick blir teke til sjukehuset og får godt stell og får sjanse til å utfolde seg på eit meir intellektuelt basis. Overklassen får interesse for Merrick, og spørsmålet er om han eigentleg lever eit same type liv, men blir vist fram på ein anna måte.
Filmen er presentert i svart/kvitt, noko som eg må innrømme eg ikkje er så veldig glad i. Men her er eg glad det er svart/kvitt, for eg fekk eit mykje sterkare inntrykk om at dette foregikk for lenge sidan, enn eg for eksempel fekk i «Oliver Twist». Ansiktet til Elefantmannen blir heller ikkje nok ein dårleg sminka utvekst i grelle fargar. Dei grå og mørke miljøa set også ekstra dyster stemning på filmen. Men det må nemnast at dette ikkje er ein deprimerandes film, og montasjen frå eit teaterstykke lengre ute i filmen var ein av dei betre og gladare eg har sett.
Musikk er eg ikkje så flink å sette andre ord på enn god og dårleg. I denne filmen er musikken god. Den er komponert av John Morris og er veldig stemningsfull. Den passa veldig godt inn, og nok ein David Lynch film for meg har dermed holdt seg med god musikk.
PS: Hadde eg servert bilde frå filmar i denne bloggen, ville eg ikkje lagt med bilde av Elefantmannen. Har du sett han, så har du sett han. Men har du ikkje, så anbefala eg sterkt det å bli overraska, og det å måtte sitje og vente for å sjå han. Gjer dette meg betre enn folka i filmen?
