Snakes on a Plane (2006)
Eg prøver på ingen måte å unnskylde meg, men film i telesync strid som regel mot mine prinsipp. Det er likevel ikkje til å komme unna at eg ikkje klarte å vente lenger på denne filmen. Tross kvaliteten er vel eigentleg det store spørsmålet om filmen lev opp til hypen, IMDb-ratingen, og alt anna positivt som har blitt sagt om den. Eg har halvveges hengt meg på denne bølga i form av diskusjonsforum og over gjennomsnittleg besøking av sider med kinotrailer på kinotrailer i forskjellige variantar, og veit sådan ikkje om det var eit nøytralt grunnlag eg stilte på før eg såg filmen.
Historien kjenner dei flest til allereie, iallfall hovuddelen av historia, den med slangane på flyet. Grunnen til at me i heile tatt befinn oss på eit fly etter kvart er på grunn av ein vitnetransport, der vår mann, Samuel L. Jackson er FBI agent Neville Flynn og i ledelse. Eg skal ikkje bruke så mykje meir tid på å forklare omkring dette, men heller gå vidare til min eigen vesle dom eg har gjort om filmen.
Det finst verre filmar som har komme rett på kino, så Snakes on a Plane er ingen typisk rett-på-video kandidat. Spesialeffektane held eit akseptabelt nivå, og eit par av skodespelarane er til vanleg ganske greie. Julianna Margulies var bl.a. innom The Sopranos, viss sesong går på NRK1 for tiden, og dei fleste veit kva Samuel L. Jackson har gjort før. Sistnemnte er nok også den som reddar filmen frå å bli ei tragisk suppe. Han har nokon utruleg fargerike kommentarar/talar innimellom, som det har blitt flittig brukt av i kinotrailerane. Innimellom er filmen faktisk litt småspennande, mein ei scene som der trykket i kabinen blir dratisk forandra ved eit lite kulehol i glaset klarar ikkje gjere andre inntrykk på meg enn å fnyse av faktafeil (les: Mythbusters). Bortsett frå denne eine store enkelttingen hadde eg ingen problem med å slikt.
Inndelinga i filmen går hovudsakleg i to; på Hawaii og på flyet. Det blir difor kjedeleg i lengden når dialogar ikkje klarar å erstatte mangelen på ei god historie. Halve filmen er slangar på dop på eit fly som bit folk som hyler og spring og er redde og ventar på ein lykkeleg slutt. Halvdelen før dette er oppbygginga til slanger på dop på eit fly som bit folk som hyler og spring og er redde og ventar på ein lykkeleg slutt.
Eg reknar likevel mange har tenkt å sjå denne filmen, og avsluttar med eit godt sitat:
N. Flynn: Enough is enough! I’ve had it with these motherfucking snakes on this motherfucking plane!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10



(2 hittil)