16 episodar.
«House» har utvikla seg til å bli ein sommarting for vedkommande, eit dykk i Filmdagbokarkivet viser at eg brukte midtsommaren i fjor på sesong 3 og seinsommaren året før på sesong 2. Så glad eg har blitt i serien framskunda eg sjåinga av sesong 4 til juni denne sommaren.
For dei som ikkje har sett sesong 3 kan det vere ein idé å stoppe lesinga her, dersom du ikkje har fått med deg endringane i staben. Skulle du vere nysgjerrig derimot, eg vil ikkje avsløre mange detaljar, helst skrape på overflata.
På slutten av forrige sesong skjedde det enkelte endringar som førte til ei dramatisk sesongavslutning, eg som mange andre forventa nok at ting skulle styrast inn mot normalen igjen, men det var ikkje meint å bli slik, i sesongens andre episode blir me introdusert for ei større gruppe nye menneske viss nokre få skal bli med i Dr. House sitt nye team. Dei nye ansikta er eit friskt pust, verdt å sette pris på, dei tidlegare teammedlemmane er endå med i serien, men to av dei i mindre grad enn tidlegare.
I utgongspunktet er eg sterk motstandar av endringar i rollebesetningar, i tilfelle med «House» trur eg skaparane av serien fann det perfekte tidspunktet å føreta dette på for å halde liv i serien. Eg finn ingen grunn til å vere negativ, utan å forsøke på det heller. Tidlegare truslar frå gjesterollar har alltid, ikkje overraskande, døydd ut. Å sentrere store delar av denne, grunna manusforfattarstreiken i vinter, forkorta sesongen rundt nye og gamle medisinsk personell er ein fin vri. Utan at eg på nokon måte står som motstandar av rollar bl.a. besøkt av David Morse i tidlegare sesongar. Slik vil det nok bli neste sesong også.
Ei side ved tilføringa av nytt blod i «House» er at spørsmÃ¥let om me vil sjÃ¥ eit kjent ansikt forsvinne dukkar opp, skjermtiden til eit par av Houses tidlegare medarbeidarar har blitt betrakteleg redusert, utan at eg saknar dei. At dei i heile tatt er med fÃ¥r meg til Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ endringa som meir naturleg, nÃ¥r dei ikkje brÃ¥tt forsvinn frÃ¥ jordas overflate. Vil det bli slik at serien skal vere open for gjennomtrekk av nye folk seinare ogsÃ¥, i den grad det har skjedd no? Ã… erstatte Hugh Laurie kan ikkje fungere, denne sesongen stÃ¥r som ei stadfesting pÃ¥ det me allereie visste, Laurie ER «House». Rykta skal derimot ha det til at neste sesong vil ha ei lengre plotline som skal resultere i ein spin-off. Kven som blir med over i den, om nokon me kjenner no, vil bli artig Ã¥ følge med pÃ¥, og ikkje minst kva den serien vil stÃ¥ for. Vil den bli ein kopi av konseptet rundt «House» med ein ny sentral karakter, eller ingen sentrale, men eit forsøk frÃ¥ FOX Ã¥ komme seg inn pÃ¥ omrÃ¥de der ABC stÃ¥r sterkt med «Grey’s Anatomy» og NBC med «E.R.»? Tiden vil vise, ev. informasjon pÃ¥ www.houseisright.com.
Heilt klart er det at asesong 4 av «House» har vore minst like bra som tidlegare, på nokre område annleis, men det står ikkje som noko hinder. Friskt.

For tredje gong har «House vist seg å vere ein serie utan like. Lite visste eg når eg første gong såg serien at den geniale legen kunne skjule sine innerste tankar så godt over tid. Stadige plotlines over fleire episodar burde avsløre noko, og tross at me (som har fulgt serien) kjenner Dr. House meir no enn i starten, er det langt i frå klart kva som føregår i hovudet hans.
På spørsmålet om eg har ein favoritt TV-serie svarar eg alltid at det kjem an på sjanger. Å utelukke «Smallville» til fordel for «The Sopranos» kan verke som eit enkelt val for visse, men blir vanskeleg for meg, ettersom eg trufast har fulgt begge seriane sidan starten av tiåret ein gong. Den barnslege fasinasjonen min for alt drama som rullar over skjermen har etter kvart dabba litt av, og det skal meir til for at ein serie når toppen i sin sjanger. Men House klarar med denne sesongen å bevise at mine godord om første sesong ikkje var i kampens hete.
Så var eg ferdig med den første sesongen av denne herlege dramakomiserien, og sit igjen med ei nokolunde lik kjensle som første sesong av «Huff» gav meg. Dette er ein velskrive serie, basert på House og det som skjer rundt han. Mykje av skrytet må gå til House, eller Hugh Laurie som spelar House, men utan kollegaene hans kunne dette ha blitt kva som helst anna for alt eg veit. Greg House er ein genial rollefigur som blir spelt med stil, han er uforutsigbar, og når du først trur du veit korleis han tenker så tek du feil. På ein måte liknar han ein del på Dr. Cox frå tidlege episodar av «Scrubs». Men dei andre rollefigurane i denne serien er nok også rimeleg uforutsigbare i forhold til den typiske rollefiguren me ofte ser på TV. Dvs. dei oppfører seg ofte som vanlege mennesker, og gjer dei vala me framfor skjermen ville ha gjort. Utan at det blir kjedeleg av den grunn.