ness
10-feb-2008

30 Days of Night (2007)

IMDb: 6.9/10 (18,018 votes)

30 Days of Night (2007)David Slade som stod bak den skremmande og temafokuserte «Hard Candy» har fått æren av å leie Josh Hartnett inn i det som er nok ein skremmande film, på ein litt anna måte.

I motsetning til «Northern Exposure» tek denne mindre koselege historia plass i ein faktisk by i Alaska, Barrow er ein av dei nordlegaste i verda med meir enn 2000 innbyggarar. «30 Days of Night» hoppar hit ved starten av mørketida då byen har tretti dagar utan sol framfor seg, flesteparten av befolkinga har reist sørover for månaden og eit mindretal, ca 150, er igjen.

Like før sola forsvinn eksploderar tala på vandalisme og sheriff Eben Oleson (Hartnett) får ein liten forsmak på tida som kjem, snart kryr byen av blodtørste vampyrmutantar.

«30 Days of Night» kunne fort ha feila, den ligg faretruande nær gothinspirerte vampyrfilmar med mykje blod, «tøffe» vampyrar og dumme menneske. Men så klarar den likevel å halde seg på rette sida, dei fleste som er i ferd med å avsløre gøymeplassane i løpet av filmen kjem fort til fulle fem igjen, få er ute etter å vise helteferdigheitar og så vidare. Det vil ikkje sei filmen er perfekt, det er småting innimellom som gjer at dette aldri vil bli ein toppfilm. Eg ser ingen grunn til å trekke fram desse sidene her, men let det vere nemnt.

Sider som får meg til å sette nok pris på dette ganske rett fram møtet mellom menneske og vampyrar er at blodet og snøen går så godt saman, at snøen virka kald, at vampyrane er skodespelarar med make-up (framfor dataanimerte), og at nok av fokuset ligg på den håplause situasjonen til å kunne godta mengdene med blodsutgytelse som tek plass. Foto er gjort med sansen for detaljar og hevar inntrykket eit hakk åleine, kan godt hende det er tungt inspirert av stilen til teikneserien, i blant hentar filmen utsnitt som teikneserieruter gjer, men preget av å vere ein adapsjon er ikkje gjennomsyra som i f.eks. «Spider-Man».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-jul-2006

Hard Candy (2005)

Hard CandyIMDb: 7.2/10 (2,392 votes)

I oppbygginga er denne filmen veldig enkel, og går rett fram frå første sekund. Det er kort og godt fortalt, og me får ingen flashbacks eller avsporingar på vegen. Filmen gir med sitt fulle fokus på den eine handlinga eit detaljert bilde av kva som skjer, og utelet lite til fantasien. Enkelte bilde får me rett nok ikkje sjå, men det vil nok dei fleste vere einig i at er ein bra ting.

Filmen kviler i hovudsak på skuldrene til dei to hovudrollane Jeff og Hayley, spelt av Patrick Wilson og Ellen Page. Det er mange nærbilde og mellomlange ‘takes’ der oppførselen er viktig. Dette er jo også eit thrillerdrama der rollar er i sentrum.

Handlinga baserar seg på at ei 14 år gammal jente, rimeleg smart/moden for alderen, møter ein fyr via chatting på nettet som ho møter med og blir med heim. Vidare forklaring blir ikkje røpt her, likevel om filmtraileren røper meir enn meg, så er det betre til mindre ein veit om kva som skjer.

Om filmen levde opp til forhåpningane mine? Både ja og nei. No hadde eg rett nok ikkje dei spesielle forhåpningar etter å ha sett filmtraileren, men tenkte meg meir ein film i retning av eit politidrama, av ein eller anna grunn. Det eg fekk var ei rett fram historie om to enkle, eller ikkje fullt så enkle likevel, sjeler. Det er ingen spenningsfilm, og kan i verste fall føre til at ein sovna, noko eg ikkje hadde problem med å unngå. Men ein kamerat av meg snorka på sofaen frå midten av filmen. Eg er fornøgd med filmen, og kan delvis anbefale den. Likar du ideen etter å ha lese eit handlinsresyme, så likar du sikkert filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10