Det har gÃ¥tt ti Ã¥r sidan Harry Potter and the Sorcerer’s Stone blei film. I løpet av dei ti Ã¥ra har Emma Watson fylt 18 (19, 20 og 21), Daniel Radcliffe har fÃ¥tt tredagarsskjegg, Richard Harris har gÃ¥tt bort og CGI-en har teke eit steg i rett retning. Med andre ord har serien vakse opp pÃ¥ sÃ¥ mange mÃ¥tar.

Med oppveksten har behovet for å fortelje meir kome snikande, og då den tjukke sisteboka skulle bli film måtte det bli i to deler. Sjølv med full forståing for at det trengs tid for å skildre handlingsforløpet i Deathly Hallows: Eg er lite glad i oppdelte filmar, spesielt når dei høyrer så i lag som Part 1 og Part 2 av Deathly Hallows. Dette var grunnen til at eg venta til no i juli med å sjå Part 1, som eg ikkje har skrive om.
Part 1 har ikkje all verdens med fart, men meir av den trykkande stemninga og ei spenning i vissa om at noko vil skje. Den er 2.5 t lang, men kjennes ikkje så lang ut. Som ein film ein er nøydd til å betale 120 kr for å sjå i 3D er den meir ei forpliktande handling enn tilfredsstillande. Difor såg eg den heller i heimen for første gong nokre dagar før Part 2, og det fungerte greitt.
Part 2 er filmen det meste skjer i. Her kjem du kjem tettast inn på karakterane og får passe med lyssparkling og svinging av tryllestavar. Sidan eg har lese boka mista eg spenning ved å vite kva som ville skje, og eg merka at dette gjekk utover inntrykket filmen gjorde. Likevel leverer Deathly Hallows varene og er ei flott avslutting på eit 10 år langt filmeventyr. At vi har sluppe for mange utskiftingar på vegen og at kjerna har vore den same er uvurderleg i samanhengen.
Ein film skal stå på eigne bein og må ta sine kunstnariske avgjersler for å fungere, uansett om den er basert på ei bok eller ikkje. Difor er det vanskeleg å gi ei skikkeleg tilbakemelding på filmen med alle tankane frå boklesinga surrande omkring. Slik eg opplevde Part 1 og Part 2 som ein film var det at den skulle gripe om veldig mykje, og at den i totaltid ikkje ligg så altfor langt unna tida det tok å lese boka, men ligg eit stykkje unna i å fremme alvoret.
Men all kritikk tilside, inkludert at dette var fullstendig meiningslaust å sjå i 3D, så er dette ein av dei beste filmane i serien. Undervegs reagerte eg ikkje på anna enn at 3D-en var meiningslaus, og i ettertid er det pirk omkring valet av format og boksamanlikning eg har sett mest på. Serien i seg sjølv er samla sett ei fantastisk reise i tid og fantasi der ein blir kjent med, om enn fiktive, så utrulege menneske og skapningar. Bøkene kan varmt anbefalst, det same kan filmane.

Etter forrige runde, Order of the Phoenix, burde det bli betre. Og det blei betre, men i retrospekt er nok filmen litt tom i forhold til lengda, så betre kan det bli. Boka er halvgløymt, så samanlikning blir det ikkje. Greia med å kalle filmen Halvblodsprinsen verkar berre feil, dette er meir romantikk enn om Halvblodsprinsen. Romantikken har eg ingenting i mot, den er ganske underhaldande i Harry Potter-verden. Men eg saknar meir framdrift, stille før stormen er jo det neste bok (og film?) handlar om. Det var god underhalding, mange av skodespelarane glimtar også verkeleg til, svært positivt.
Tida har flydd sidan eg las ferdig den nest siste boka i «Harry Potter» rekka. Omtrent samtidig, for fem månader sidan, tok eg meg tid til å sjå alle dei utkomne filmane på rekke og rad. Med ei ventetid som denne er det klart det bygg seg opp nokre forventingar.