Batman: Mystery of the Batwoman (2003)

IMDb: 6.8/10 (863 votes)

«Mystery of the Batwoman» var ein sann opptur frå framtidsflaggermusa eg nyleg såg i «Return of the Joker». Bruce Wayne er i sitt ess, det er mystikk rundt ei ny kvinne i flaggermuskostyme og ein solid dose action.

Historia her dreiar seg omkring eit samarbeid av våpensmugling mellom Rupert Thorne, pingvinmannen og Carlton Duquesne. Brått dukkar Batwoman opp og køyrer ein hard kamp for å avsløre og stoppe smuglarane. Batman er også på sporet av desse kriminelle og må også finne ut kven Batwoman er.

Stil- og animasjonsmessig er det ingenting å utsette på denne filmen. Det er spenning i etterforskinga til Batman og i dei gjennomførte, eksplosive actionsekvensane. Kevin Conroy har sjølvsagt stemma til Batman og alt er fryd.

At eg ikkje sit å bit meg i leppa eller held meg fast i stolen er vel det som skil denne frå toppklassefilmar, men til animasjon å vere er denne oppe nær «Gotham Knight».

7/10

Batman Beyond: Return of the Joker (2000)

IMDb: 7.6/10 (2,993 votes)

«Batman Beyond» eller «Future Batman» er eit rart opplegg der Bruce Wayne er gjort til gammal mann og ein yngre person, Terry McGinnis, er gjort til Batman. Eg veit ikkje heilt om eg kan leve med denne tanken.

For meg vil alltid superheltar vere eit tidlaus greie, uansett kor mange år det går skal verken superheltane eller deira hemmelege identitetar eldast, miljøet knytt til dei kan tilpassast tida enten filmen eller teikneserien er laga i, men dette må behandlast med varsam hand. Me vil ikkje miste heilt grepet om miljøet helten blei skapt i.

I «Batman Beyond: Return of the Joker» og sikkert nok i den animerte tv-serien som filmen har spunne seg ut i frå, er det eit Gotham City 40 år fram i tid som møter augo våre, og det ser ikkje bra ut. For å sette tankane mine litt på plass, Gotham City er ein av dei viktigaste miljøa blant superheltar eg har litt tilknytning og kunnskap om, meir enn Metropolis har for Superman og New York har for Spider-Man. Det gjer meg vondt å sjå at i tillegg til at Bruce Wayne ikkje er Batman, at Gotham City er gjort til ei platt og futuristisk teiking i bakgrunnen av ein kamp som aldri kan bli den tenkte revansjen for Jokeren, nettopp på grunnlag av at andre folk står i rollane til våre kjente karakterar.

Så kvifor så raus i forhold til vurderinga? Tross skuffelsar som eigentleg grunnar ut i at eg stilte blank til konseptet «Batman Beyond» så er «Return of the Joker» ein eksplosiv liten animasjonsfilm som aldri står stille, som portretterar ein aldrande Bruce Wayne på ein måte eg kan tru på og som har den ekstra sprø vrien ved Jokeren som gjer han både underholdande og skremmande.

6/10

SubZero (1998)

IMDb: 7.1/10 (1,294 votes)

I «SubZero» får Batman eit gjensyn med Mr. Freeze frå «Batman: The Animated Series» og må hanske opp med ei kidnapping av Lt. James Gordons dotter, Barbara Gordon.

No har eg verken sett det eine eller andre av nokon Batman-seriar på tv og soleis ikkje «Batman: The Animated Series» heller, men «SubZero» er ein sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine viss ikkje å sjå den i samanheng med enten serien eller «Batman: Mask of the Phantasm» skulle vere ønskeleg.

Animasjonen er tydeleg på eit stadie der 3D-teknikkar er teke i bruk og er i enkelte få scener tydeleg eit stykke i frå perfeksjonisme, men stort sett er dette like upåklageleg som det ein ser i DC/WB sine nyaste satsingar.

Sjølve handlinga startar som ein tradisjonell detektivhistorie, me blir introdusert for andre personar (enn Batman) og etter kvart ei kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historien veldig flott. Når Batman og Robin gjer ei sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir ein spenningsfyllt og eksplosiv film enn detektivisering, ei passande utvikling sett frå min ståstad.

6/10

Batman: Mask of the Phantasm (1993)

IMDb: 7.5/10 (7,377 votes)

«DC animated universe» er ein term som står for ulike animerte tv-seriar som deler kontinuitet innan DC-universet, samt enkelte spin-off filmar. I løpet av 10 år kom det fire slike filmar frå Warner Bros., alle om flaggermusmannen, ein femte film om Justice League blei lagt på is og sidan 2003 har det ikkje skjedd noko på denne fronten, lite sannsynleg er at det vil skje noko i tiden framover også, då DC og Warner Bros. i fjor starta «DC Universe Original Animated Movies»-satsinga som står på eigne føter utanfor animerte tv-seriar.

«Batman: Mask of the Phantasm» er første film ut i rekka, handlingsforløpet er satt til 1950 eller 1960-talet etter bilar, kle og bygningar Ã¥ dømme. Teiknestilen passar godt med sine litt klosseaktige ansikt og harde kantar. Av skurkar finn me bÃ¥de The Joker og The Phantasm, men i motsetning til Spider-Man er jo aldri Batman sÃ¥ enkelt som Ã¥ jakte ned og sloss mot ein superskurk (ikkje stygt meint, Spider-Man-filmane er fine dei). Handlinga involverar ogsÃ¥ mafia, pengeutpressing, ein del flashback til korleis flaggermusmannen blei til — som stÃ¥r seg bÃ¥de forskjellig frÃ¥ og ufullstendig i forhold til «Batman Begins» (igjen, forskjell er berre bra det).

Filmen byr ikkje på nokon wow-opplevingar, men har eit godt driv og ei god stemning. Mark Hamill gir stemma til The Joker, og sjå at denne karakteren fungerar så godt i denne historien som i Tim Burtons «Batman» frå 1989 stadfestar for meg at mykje av grunnen bak suksessen i denne karakteren er at den simpelt hen er ei genial oppdikting, og eg gledar meg endå meir til å kunne sjå Heath Ledger gjere den i «The Dark Knight».

6/10