Batman: Year One (2011)

IMDb: 7.3/10 from 1,338 users

Den siste filmen frå DC Universe Original Animated Movies i 2011 er Batman: Year One. Det er historia om hendingane som involverer Bruce Wayne, James Gordon og Selina Kyle første året etter Bruce Wayne er komme tilbake til Gotham.

James Gordon kjem til Gotham samstundes med Bruce Wayne, og han er karakteren vi følgjer mest av dei tre sentrale som vi er innom. Politiet i Gotham er prega av korrupsjon og Gordon møter både motvillige kollegaer og fysiske barrierar. At Batman dukkar opp gjer ikkje jobben hans lettare.

Bruce Wayne kjem tilbake frå 18 år ein annan stad. Han er utålmodig og vil byrje kampen mot kriminaliteten så fort som råd. I ei parallell historie til Gordon si fortel Batman: Year One om korleis Wayne blei til Batman. Likskapane til Batman Begins er her. Batman: Year One er ein adapsjon av teikneserien med same namn, ein teikneserien som Batman Begins henta inspirasjon.

Catwoman, dekket til Selina Kyle, får minst plass i filmen. I heile teke er ho så lite med at ho kanskje kunne ha vore fråverande, men ho syner at Gotham er meir enn berre Batman.

Batman: Year One kan godt vere den beste filmen i rekkja til DC Universe Original Animated Movies fram til i dag, han er iallfall nær. Det er plass til minst to gode historiar om opphav, interne og eksterne konfliktar på mange plan, og ein del intens skyting. Alt utan dødtid.

Filmen er god, sjølv om eg har sett deler av historia i form av Batman Begins tidelgare. I løpet av 65 minuttar gjer den alt som trengs for å vere engasjerande og underhaldande. Om Batman: Year One fortel historia like godt som teikneserien den baserer seg på, det får vere opp til andre å dømme.

8/10

Green Lantern: Emerald Knights (2011)

IMDb: 6.8/10 from 1,522 users

Den andre Green Lantern-filmen i DC Universe Animated Original Movies-serien, om du ser bort frå Justice League-installasjonane, er historiane om dei grønkledde kollegaene til green lantern Hal.

Hal er ein av fleire green lantern-ar, og den vi har fulgt tidlegare i filmserien: Justice League: The New Frontier, Green Lantern: First Flight og Justice League: Crisis on Two Earths. I Emerald Knights blir vi fortalt bakhistoria til andre grøne ringberarar, mellom anna Kilowog, Abin Sur og Mogo. Historiane bygg opp til ein kamp på slutten, der vi får sjå alle delta i lag.

Sånn sett er Emerald Knights som ei samling kortfilmar sydd i hop med ei større historie. Bakhistoriane er passe spennande og fungerer godt når du veit at dei bygg opp før hovudhistoria. Men i det store og heile er ikkje hovudhistoria spesielt spennande, og er heller ikkje via mykje fokus før på slutten.

Vi blir fortalt om ei vanskeleg utfordring i Arisia Rrab si bakhistorie og får humore i Mogo si, og med dei andre folka i tillegg blir dette akkurat passe variert til å halde fram til slutten. Som vanleg må vi òg tåle store dosar eksplosjonar, flammar og røyk.

Emerald Knights ligg på eit forventa nivå med litt gøy, spenning og fint tempo. Men den når ikkje opp til dei beste i filmserien eller forgjengaren First Flight.

6/10

All-Star Superman (2011)

IMDb: 6.8/10 from 1,865 users

All-Star Superman er det beste som har skjedd DC Universe Original Animated Movies sidan.. vel, i fjor. Grant Morrison har forfatta og Frank Quitely har teikna den supre teikneserien, som er del av All-Star imprint, historiar som ikkje tilføyer seg kontinuiteten til DC-universet. Resultatet er ei tilgjengeleg historie som heller ikkje er ei origins-historie. Og no er den blitt film.

I dei tidlegare teiknefilmane som har blitt gitt ut under banneret DC Universet Original Animated Movies har handlinga vore fullspekka med større og mindre trådar, noko som har resultert i høgt tempo og mykje spenning. All-Star Superman er ingen unntak. Den raude tråden gjennom filmen er den forfallande helsa til Supermann som følgje av høg eksponering for solenergi. Sjølv med mange avstikkarar undervegs, som introdusering av fleire monster og besøk frå Krypton, lykkast historieforteljinga å inkludere alt utan å miste fokus.

Men det er Lex Luthor som er den store skurken, og filmen er spesielt god på dialogane mellom han og Clark Kent/Supermann. Vi får eit innblikk i motivasjonen til Lex, og det gjer seg godt i ein teiknefilm med monster og slossing. Når intellekt blir like farleg som rå kraft får trusselen ein heilt anna dimensjon.

All-Star Superman er god film å sjå om du vil ha ei Supermann-historie, men ikkje vil bry deg med å setje deg for mykje inn i universet. Eller du kan lese teikneserien, den er også god.

7/10

Superman/Batman: Apocalypse (2010)

IMDb: 7.0/10 (1,138 votes)

Det har etter kvart blitt ei fast greie her å ta for seg filmane som dukkar opp i serien DC Universe Original Animated Movies, beståande av rett-på-video-filmar med kjente og kjære superheltar frå DC-universet. Superman/Batman: Apocalypse er det andre møtet mellom dei to vidt forskjellige heltane, og me blir introdusert for Supergirl for første gong.

Supergirl er midtpunktet for ei kidnappinghistorie som trekkjer heltane våre til planeten Apocalypse, der supersurken Darkseid held til. Stort meir komplisert er det ikkje vits å gjere introduseringa til historia, som ikkje klarar å nå toppen i denne franchisen. Men actionbiten er god nok, og filmen blir ikkje noko kjedeleg tidtrøyte, men heller ein fartsprega mellomting av det eg forventar av ein film og ein tv-episode.

Superman/Batman: Apocalypse er den svakast filmen hittil, og ein film som folk utan den heilt store interessen lett kan hoppe over.

5/10

Batman: Under the Red Hood (2010)

IMDb: 8.0/10 (2,247 votes)

Det nyaste tilskotet i DC Universe Original Animated Movies-familien er den tredje Batman-filmen hittil i serien, og involverer Batman, Black Mask, Red Hood og Joker. Filmen er som resten av serien, basert på eksisterande materiale frå DC, som denne gongen har vore Under the Hood av Judd Winick frå 2005. (Les vidare under bildet).

Eg vil ikkje røpe meir av handlinga enn at hovudstrukturen til filmen er ei trekanta konflikt mellom vigilanten Batman, gangsteren Black Mask og oppkomlingen Red Hood som er ein mellomting av desse to. I kampen mellom desse spelar Joker ei sentral brikke. Filmen får danna ei god bakgrunnshistorie som går på tvers av fleire karakterar, noko som skapar ei spenning i actionsekvensane me blir bydd. Samanhengen mellom alt og alle blir tydeleg formidla innanfor rammene av 75 minuttar, og med gjennomsnittleg kjennskap til Batman står dette for meg fram som ein komplett animasjonsfilm.

Av andre sider som er verdt å nemne er kompliserte personlegheiter og noko eg vel å kalle ein vaksen tone. Desse to går hand i hand. Karakterane i filmen har sine eigne verdigrunnlag, og handlar tydeleg ut i frå meir enn eit oversiktleg bilde for kva som er rett og urett, godt og vondt. Me får oppleve både karakterutvikling og utnytting av svakare sider ved psyken, samtidig som filmen kan overraske ved å snu på ei femøring. Løysingar av denne sort bidreg til å gi ei kjensle av at filmen ikkje undervurderer publikummet sitt, og kan nå ut til fleire aldersgrupper.

På tampen vil eg gjere det klart at dette innlegget dreiar seg om ein type animasjonsfilm som kjem rett på video. Forventingane mine er andre til ein sånn film enn ein som er innom kino, og innhaldet her på lesast med dette i tankane. Om det burde vere sånn eller ikkje, er for øvrig ei sak å diskutere for seg sjølv. For med prislappar på DVD/Blu-ray ved lansering, samanlikna med det ein får for ein (billegare) kinobillett, burde ein kunne krevje at dette skulle legge seg på eit nivå over?

7/10

Justice League: Crisis on Two Earths (2010)

IMDb: 7.0/10 (983 votes)

I fire år no, har Warner Bros. og DC Comics levert animasjonsfilmar i serien DC Universe Original Animated Movies. Eg har sett dei tidlegare filmane, som det er seks av, og desse kan du lese meir om på stikkordsida for DC Universe Original Animated Movies.

Justice League: Crisis on Two Earths er den andre filmen i serien som handlar om Justice League. Laust basert på teikneserien av JLA: Earth 2 av Grant Morrison, går handlinga føre seg etter eit møte mellom superkrefter i to parallelle univers.

Då filmen i større grad består av kampar mellom to eller fleire superkrefter, blir ei oppsummering av handlinga ei urettferdig avsløring, ovanfor dei som skulle ønske å sjå filmen. Så lat meg dreie dette over mot animasjonen og filmen i heilskap, om den er tilfredsstillande i forhold til forventingane av ein animasjonsfilm som er komen rett på video.

Som med dei andre filmane i serien er denne kort, og tempoet er høgt heile vegen. Kampane er mange, og ikkje så dramatiske, men på tvers av desse er det eit driv i handlinga. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er hovudtrekka i historia som gjer dette til ein grei film, er kombinasjonen av ein klassisk kamp mot det vonde ikkje å fornekte, når detaljane i oppbygginga av historia er på plass. Slik er Justice League: The Crisis on Two Earths, og slik har dei fleste andre filmane i serien vore, tilsynelatande enkle historier, gjort med omhug med tanke på karakterar og ein logikk i fiksjonsuniverset, der handling går føre seg.

Konklusjonen får bli den at dette er ein grei animasjonsfilm, som faktisk klarar å oppnå det og vere ein film, framfor å verke som ein lang episode frå TV. Den svarar til forventingane eg hadde kring prosjektet, men var då heller ikkje den filmen eg venta mest på i DC Universe Original Animated Movies, og heller ikkje den beste så langt.

6/10

Superman/Batman: Public Enemies (2009)

IMDb: 7.2/10 (896 votes)

Superman_Batman_Public_EnemiesDen tredje og siste DCUOAM-filmen for i år er ei blanding av mange superheltar og skurkar. Lex Luthor har blitt president og svertekampanjen mot uorganiserte superheltar som Superman og Batman, spesielt førstnemnte, kjenner ingen grenser. Egoet til Luthor styrer retninga til filmen, som også handlar om ein meteorittrussel. Animasjonsfilmen er ganske rett fram, har mykje action, men manglar det heilt store. Litt for ofte blir eg sittande å spørje meg sjølv kvifor Superman ikkje brukar varmeblikket og farten sin. Superman er ein vanskeleg karakter å lage spenning med, «S/B: Public Enemies» får kjenne dette, og blir aldri topp.

6/10

Green Lantern: First Flight (2009)

IMDb: 7.3/10 (1,290 votes)

green lantern first flight«Green Lantern: First Flight» er ferskaste under DC si rett på video animasjonssatsing, og femte i rekka. For dei grøne er altså Green Lantern ein mann som får ansvaret for ein ring som gir han superkrefter, og gjer han til vaktar i denne delen av universet. Filmen er ein fin introduksjon til superhelten og ei god blanding humor og action. Ein superskurk er på plass, og det er ei glede å sjå at animasjonsfilmen faktisk tek litt av etter kvart, og som dei andre DCUOAM-filmane både er supertøff i tradisjonell forstand og gjer noko meir vaksent ut av seg.

7/10

Wonder Woman (2009)

IMDb: 7.2/10 (1,440 votes)

wonder_woman_posterSom andre filmar i satsinga DC Universe Original Animated Movies er «Wonder Woman» ein knallkjekk animasjonsfilm med gjenkjennelege stemmer. Nathan Fillion og Keri Russell gjentek romansen som i «Waitress», og det er berre starten på namnelista. «Wonder Woman» er byrjinga på sagaen, og ein animasjon som innheld ei god blanding av mytologi, overnaturlege krefter og det moderne Amerika. På 74 minuttar er dette perfekt lengde for ein mest actionfylt film, som burde passe like godt for antatte vaksne (som meg) og yngre folk. Filmen var iallfall til stor glede og innfridde oppbygde forventingar etter å ha sett tidlegare DCUOAM-filmar.

7/10

Batman: Gotham Knight (2008)

IMDb: 7.0/10 (3,425 votes)

Mens andre storkosar seg med «The Dark Knight» må eg nøye meg med animert film rett på DVD. «Batman: Gotham Knight» er den tredje filmen ut i serien «DC Universe Original Animated Movies» og består av seks mindre historiar frå tidepoken mellom filmane «Batman Begins» og «The Dark Knight». Desse historiane har både ulik teiknestil og er basert på fleire menns arbeid med maskemannen, deriblant manusforfattar David S. Goyer frå «Batman Begins».

Det interessante med «Batman: Gotham Knight» er dei mange ulike vinklane Batman som myte og person blir angripe på, noko som gjer at alle historiane i lag blir til noko meir enn berre tilfeldig samansette kriminalforkjempane heltebragder. Det er eit visst mørkt preg over dette, om ikkje så elegant utført som på dei ekte filmane eg har sett. Likevel er avstanden til typen animasjon frå Cartoon Network, osv. så stor at dette ikkje kan kallast barnefilm, sjølv om ein ung gut nok ville fryda seg over spenningssekvensane ville det vesentlege i forteljingane forsvunne.

Animasjonen er varierande, i blant veldig tøff, andre gonger mindre spennande å legge merke til, men heile tida passande med mørke fargar. Lengden på 75 minutt er ikkje eit minutt for kort og om eg ikkje kan gå god for at denne glir godt inn før «The Dark Knight» (fordi eg ikkje har fått sett den) så får eg nok ut av den som ein etterfølgar i tidslinja til «Batman Begins. Også er det litt spennande at animasjonsfilmen aldri prøver å gå under huda på verken Bruce Wayne eller Batman.

7/10
1 / 212