Just Go with It (2011)

IMDb: 6.3/10 (29,484 votes)

Inspirert av Adam Sandler-filmgeneratoren til NRK Filmpolitiet har eg skrive eit ikkje så altfor langt, men skildrande innlegg om Just Go with It.

Adam Sandler er ein stygg ung mann med stor nase som skal til å gifte seg, men på bryllaupsdagen går det skeiss og han oppdagar seinare krafta gifteringen har til å trekke damer på uteplassane. Han utdannar seg så til plastisk kirurg og driv ablegøyer med ei ung pen dame, inntil det går opp for han kor fantastisk assistenten hans er. Då skjerpar han seg og kjem ut av det heile som eit mykje betre menneske.

5/10

Grown Ups (2010)

IMDb: 5.7/10 (9,955 votes)

Før eg legg ut om misnøya mi eg opparbeidde for Grown Ups etter kvart som den utfolda seg, viser eg til kinoplakaten. Ein film der definisjonen på gøy er fem vaksne menn i ei vannsklie, set ikkje høge mål for seg sjølv. (Les vidare under bilde).

No var det aldri kinoplakaten, men filmtraileren som gjorde meg merksam på Grown Ups. Eg burde uansett visst betre, då filmtraileren er eit medium eg ikkje har sett mi lit til på mange år. Likevel blei eg forført, og voldteken. Men kinoplakaten er ei passande skildring av innhaldet. Forsøka på humor bommar gong etter gong, og sender Grown Ups avgarde til den allereie overfylte søppeldynga med lavmåls komediar.

At dette skal er ein familiekomedie beskyttar på ingen måtar dei vala som har blitt tekne. For med ei rekkje av bevandra Hollywood-stjerner i hovudrollane er dette ein film som er like mykje meint å appellere til foreldre som til barn.

Det er i grunn liten vits i å dvele meir ved filmen, det har eit par morosame scener, men er elles godt under middels.

4/10

The Benchwarmers (2006)

IMDb: 5.3/10 (4,483 votes)

The BenchwarmersEg hadde nok forventa meg litt meir enn dette, kinotraileren virka OK morosam, og eg trudde det skulle bli i retning av «Bad News Bears», som kanskje ikkje var den beste filmen det heller, men heilt grei til sportskomedie å vere.

Rob Schneider har aldri vore favorittskodespelaren min, men verken «Deuce Bigalow: Male Gigolo» eller «The Hot Chick» var heilt på jordet etter det eg kan hugse. Jon Heder er ikkje overraskande i same bane som «Napoleon Dynamite» her, men ikkje på langt nær så morosam. Det artigaste gjensynet var nok med Jon Lovitz, kjent for sin repeterande gjesterolle som sjølvmordskandidaten som blei millionær i «Las Vegas».

Eg skal nok klare å halde meg unna slike filmar i framtida, dette var den siste i denne sjangeren fram til det kjem noko som utmerkar seg.

4/10