ness
17-des-2006

Magnum Force (1973)

IMDb: 6.8/10 (5,497 votes)

Magnum ForceFor ikkje mange dagane sidan gjekk det opp for meg at det fanst meir enn ein «Dirty Harry» film. For dei fleste andre med generelle filmkunnskapar så er ikkje dette noko nytt, men så er det altså i mitt tilfelle.

Med utgangspunkt i å allereie ha sett den første, satte eg meg i går kveld ned med oppfølgaren «Magnum Force». Eit drapspoliti er på ferde og henrettar dei kriminelle i byen på eiga hand. «Dirty» Harry Callahan blir kalla inn igjen i mordkommisjonen for å få has på gjerningsmannen, som dei i utgangspunktet ikkje veit er ein politimann, her er fordelen med å vere publikum for oss.

Triggerhappy politifilm frå 1970-talet er utan tvil festleg. Med stake-outs, biljakter og shoot-outs nærmare bakkenivå enn mykje som blir servert no til dags frå over dammen, blir det god spenning. Om originaliteten er litt mindre så gjer ikkje det noko, for poenget her er vel helst å få ein god actionfilm.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-mai-2005

Dirty Harry (1971)

Dirty HarryIMDb: 7.6/10 (11,171 votes)

I know what’cha thinking, punk. You’re thinking: Did he fires six shots, or only five? Now to tell you the truth I forgotton myself in all this exitement. But being this is a .44 Magnum, the most powerful hand gun in the world, I will blow your head clean off. You could ask yourself a question: Do I feel lukcy?

Ein god film med Client Eastwood som ikkje fullt så A4 politiinspektør ved namn Harry Callahan. Han er ikkje ‘dirty’ ved at han gjer ting for skurkar og får betalt for det. Han gjer berre ting på sin eigen måte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10