ness
21-jul-2007

Disturbia (2007)

IMDb: 7.4/10 (11,450 votes)

DisturbiaGled dykk, folk som er glade i ekte skrekkfilmar, og ikkje rein blotting av det groteske som i «Saw» eller dei få byksa i stolen som i «The Texas Chainsaw Massacre (remake).

«Disturbia» gjekk over all forventing. Med sine 105 minuttar var eg skeptisk til at ei gruppe ungdommar skulle kunne køyre løpet ut. Ungdomsfilmar i ein vidt definert skrekkfilmsjanger er ikkje dei mest originale no til dags.

Utgongspunktet er klassisk. Som resultat av ein hussarrest blir Kale (Shia LaBeouf) veldig opptatt av kva naboane driv med, og kjedsomheita utviklar seg til ein paranoia, der ein middelaldrande mann i nabohuset blir senter for merksemda.

Korleis det utviklar seg vidare er ikkje så nøye å nemne her, for enten vil du sjå filmen sjølv, eller bryr du deg lite. Hovudsaken er at dette, uansett utvikling, ligg høgt på lista mi over god underholdning i skrekkfilmar frå nyare tid.

Storparten av filmen utspelar seg før kjedsomheita vippar over til noko meir. Fleire filmar bommar ved at første delen blir tidsfyll før blodsutgytinga og denslags. «Disturbia» brukar tida på å etablere ungdommane i truverdige rollar, lagvis bygge mistankane opp ved å drive ei slags privatetterforsking utført av amatørar. Ein dose humor og kjærleik manglar det ikkje, men filmen mistar ikkje fokus på bekostning av slikt.

Som eit pluss heilt til slutt, ved sidan av dei gode vibrasjonane, og ikkje minst nervane filmen gav. David Morse er naboen i siktet her. Spesielt artig for meg (og ev. andre) som har sett han terrorisere House i «House over 6 episodar i tredje sesong.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-jan-2006

Two for the Money (2005)

Two for the MoneyIMDb: 5.9/10 (1,557 votes)

Eg får sei det først som sist, eg tykkjer Matthew McConaughey er ein slesk type, og har aldri hatt sansen for han. Men når det er vennekveld med film så får ein sette til sides dei uforklarlege årsakane og henge seg på. Når eg brukar type er det ikkje for ingen grunn, eg har ikkje lyst å kalle han idiot, men heller ikkje kompis. For alt eg har sett er han jo ein OK skodespelar i både «How to Lose a Guy in 10 Days» og «Edtv».

Historien er… la meg sei det tydeleg, på den måten eg brukar når eg ikkje likar ein film for godt: Det er ingenting nytt her! Viss du er interessert i hasard og sport, så bør du drive hasard sjølv. Betre å bruke alle pengane dine på det enn å bruke 50 kroner på denne filmen, eller kva du no måtte ha betalt for å sett den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-nov-2004

Taking Lives (2004)

Taking LivesIMDb: 5.6/10 (5,233 votes)

Om ikkje filmen var forutsigbar, så såg eg nesten det komme det som skjedde. Men deler av filmen gjorde meg usikker på det mange gonger undervegs, noko eg fann ganske bra. Filmen var spennande og kjeda meg ikkje i heile tatt undervegs. Pluss stilen til Jolie som FBI agent var ganske stilig.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10