ness
29-jul-2006

Jimmy Carr Live (2004)

Jimmy Carr LiveIMDb: 8.5/10 (8 votes)

Etter å ha sett Jimmy Carr Standup måtte eg sjå denne videoen og. Heldigvis var det berre nye vitsar, eller skal eg sei eldre, og i tillegg til å stå og snakke las Jimmy Carr opp artige annonsar og brev han hadde skrive, samt at han blei intervjua av ei irsk dame med spørsmål som han sjølv hadde skrive.

Diverre hadde eg ikkje undertekstar, og eg skal innrømme at eg ikkje er nokon racer på engelsk når det er britiske folk som snakkar fort, så ein heil tredjedel av poenga gjekk tvers forbi meg, men eg klarte likevel å glede meg over resten.

Eg held likevel ein liten knapp på Standup, ettersom det var den første forestillinga eg såg med fyren. Men Live kjem ikkje langt etter.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-jul-2006

Jimmy Carr: Stand Up (2005)

IMDb: 8.6/10 (43 votes)

Jimmy Carr StandupNår det kjem til dissing av folk, folkegrupper og stort sett alt anna, så er Jimmy Carr det beste av standup eg har sett. Her er det så mange grove vitsar om homofili, sjuke folk, aldersgrupper og kjønn at det er litt å gispe over. At han klarar å få folk til å le av det er nok det beste, eg trur ikkje folk torer å la vere å le.

Han plukka ut nokre publikummarar innimellom som han heng skikkeleg ut, og går langt over streken, men likevel ror han seg i land utan at dei andre folka føler han er arrogant. Også er han utruleg flink til å improvisere, merkverdig.

Det beste av britisk standup, og på linje med Pablo Francisco - Bits and Pieces, men med eit anna fokus. Skal du sjå standup, så må du sjå dette!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10