Escape from Alcatraz (1979)
Historien om Frank Morris og brødrene John og Clarence Anglin som rømmer frå fengselsøya Alcatraz i 1960 er henta frå ei sakprosabok av J. Campbell Bruce og gjort om til denne fengselsfilmen med Clintern i hovudrolla som Morris. Mannen blir overflytta frå eit fengsel i Atlanta for forsøk på rømning, og tenker å gjere eit nytt forsøk frå høgsikkertheitsfengselet på denne vesle øya lokalisert i San Francisco Bay.
Filmen er ganske så rett fram, den legg aldri skjul på kva som vil skje, noko som filmtittelen er det beste eksempelet på. Grunnen til at alt er så openbart er måten spenninga er bygd opp på. Når Morris jobbar med noko muffens i cella si og vakta nærmar seg, så er det god margin for han til og med når han er nærast ved å bli avslørt. Dette gjer filmen litt tam for meg som følgte med på første sesong av Prison Break. På ei anna side er den kanskje meir realistisk, iallfall forestiller eg meg det at det ville vore enklare å rømt på denne måten i 1960 enn måten det blir gjort på i «Prison Break» i 2005. Det er vel like greitt å avslutte samanlikninga med dette.
Uansett er «Escape from Alcatraz» ein god film, likevel om kan finne ting som er betre med andre filmar så serverar denne nok spenning til at det er ein fornøyelse å sjå på. Lite dialog er ikkje så nøye, for det er i periodar med stillheit filmen er interessant. Og for ordens skuld, «Mythbusters» testa flåtemetoden som blir brukt i filmen, og den fekk godkjent.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10



(3 hittil)