Escape from the Planet of the Apes (1971)

IMDb: 6.1/10 from 9,074 users

Med det som skjedde på slutten av førre film i serien, Beneath the Planet of the Apes, var det ein større vri som måtte skje for at historia skulle kunne halde fram. Slik blei det til at handlinga i Escape from the Planet of the Apes går føre seg i USA på vår tid.

Eit romskip landar i havet utanfor California og ut av det stig tre apekattar frå framtida. Vi kjenner dei som Zira og Cornelius frå dei to tidlegare filmane og blir introdusert for Milo (ikkje til å forvekslast med Baby Milo på plakaten). Verda er ikkje klar for å ta i mot intelligente apekattar frå framtida og det går som det må gå, dei blir stempla som ein trussel og ting går ikkje så bra.

Escape tyr til enkle løysingar og er langt mindre spektakulær enn Planet of the Apes og Beneath. Sett til California på 1970-talet i avgrensa omgivnader opplever eg den som nærare TV i estetikken og oppbygging. Men etter den halverte Box Office inntekta Beneath hadde frå Planet of the Apes er nok eit redusert budsjett ingen overraskande vending.

Trass i lågare budsjett, Escape står fram som eit forhasta prosjekt for å mjølke Planet of the Apes-franchisen mest mogleg før det er for seint. Den er forsåvidt heilt grei på ein skala frå ein til ti, men utelukkande som eit stykke informasjon i eit større fiksjonsunivers. Og rolla den har for å byggje opp til neste film er òg viktig nok til å godkjenne eksistensen.

Dommen er ikkje overvelande akkurat, men Escape er like fullt ein del av filmserien. Andre grunnar til å sjå den kan eg ikkje finne.

5/10

Escape from the Planet of the Apes (1971)

IMDb: 5.9/10 (3,614 votes)

Escape from the Planet of the ApesMe flyttar oss tilbake til jorda, året er 1973. To år etter Taylor sitt romskip blei sendt ut på den lange ferda. Eit romskip blir oppdaga ved kysten av California, og ut stig tre intelligente sjimpansar. Folk tek desse skapningane til seg, og dei blir umiddelbart nye mediefavorittar. Men alt er ikkje berre fryd og gammen, for det som har skjedd dei i underkant av 2000 åra i mellom 1973 og 3955 kan verke som ein trussel på menneska.

Settingen er ein av dei største forandringane i denne filmen i forhold til sine forgjengarar. I staden for ei meir primitiv og eksotisk framtid med ruinar og apelandsbyar får me det typiske USA på starten av 1970-talet. Dette er ikkje noko nytt og spennande, og gjer sitt til at resten må sette større inntrykk. Historien minnar meg veldig om den frå første filmen. Forskjellen er at her kjem apekattane til ei menneskeverd, og at menneska ikkje umiddelbart går til angrep på apekattane.

Det blei litt for mykje politikk og meir ein slags rømningsthriller enn eg hadde satt pris på. Eg vart litt utålmodig etter kvart, men hadde likevel ingen problem med å sjå ferdig filmen. Så det var ikkje dårleg.

5/10