ness
11-des-2006

Grumpy Old Men (1993)

Grumpy Old MenIMDb: 6.6/10 (7,778 votes)

«Gretne gamle gubber» som denne filmen heiter på norsk er ein av den stemningsfulle, småmorosame og lune typen filmar som passar perfekt når det nærmar seg jul. Det byrjar bli ei god stund sidan eg såg den sist, men den stod godt plassert i hukommelsen saman med TV-serien Northern Exposure (Det gode liv i Alaska).

Historien er ganske så enkel, to naboar som ikkje er verdens beste venner frå før får ein ekstra ting i mellom seg når ei yngre enke flyttar inn over gata. Angrepa, som for publikum er artige skøyterstrekar, blir trappa opp. Og meir enn ein roten fisk dukkar opp i baksetet.

Det er ikkje den ultimate filmopplevelsen med eit småbanalt historieforløp og sentimental vri, men som feel-good dramakomedie utover i desember må eg sei det er ein film eg kan sette pris på likevel. Når den første rotne fisken dukkar opp med musikk frå Jaws var det umogleg å ikkje trekke på smilebåndet og le.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-mar-2004

Miss Congeniality (2000)

Miss CongenialityIMDb: 6.3/10 (12,215 votes)

Morsom, Sandra Bullock gjer ein bra rolle. Ikkje så mykje action. Kanskje ikkje blant dei beste filmane som er laga, men god nok til å bli sett ein gong.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10