Akeelah and the Bee (2006)

IMDb: 7.8/10 (2,393 votes)

Akeelah and the BeeI U.S.A. er stavekonkurransar populære greier. Kvart år sender kvar stat 3 heldige, og veldig talentfulle, unge til den nasjonale stavekonkurransen (National Spelling Bee) i Washington D.C. Desse har kvalifisert seg vidare gjennom 4 rundar før dei står på scena i Washington framfor millionar av sjåarar på den landsdekkande sportskanalen ESPN.

Tidlegare i år såg eg 2005-filmen «Bee Season», som også omhandlar denne konkurransen. Den største forskjellen mellom desse filmane ligg ønske om å stave. I «Bee Season» vart unge Eliza nærast pressa av ein favoriserande far til å lære å stave skikkeleg, samt at det var andre faktorar som gjorde filmen til ei djupare oppleving enn «Akeelah and the Bee» er.

Akeelah (Keke Palmer) likar å lære seg ord, finne ut betydninga av dei, og å stave. Mora er ikkje så glad for dette, men når talentet til Akeelah blir oppdaga på skulen, får ho så lyst til å vere med på Spelling Bee at ho forfalskar sin avdøde fars signatur for så å sniktrene med Dr. Larabee (Laurence Fishburne), den personlege stavetrenaren til Akeelah, utnemnt av rektoren på skulen der ho går.

Filmen som er laga med delvis støtte frå Starbucks Coffee er ein heilt vanleg film. Den er ikkje på nokon punkt overraskande i retninga den tek. Miljøet og personane kunne vore tatt frå ein kva som helst slags konkurransefilm, og alderen spelar ingen rolle. I tillegg til konkurransen kjem det å kunne få ny venner, tru på seg sjølv og ta i mot hjelp frå andre. Filmen hamnar godt blant det eg iallfall forbind med typisk amerikansk konkurransedrama. Og til å vere ein slik film fungerar den godt nok. Deler blir litt for overveldande og oppspelte til å ta inn over seg, men filmen får godt fram det den prøver på.

Etter ein litt uventa slutt, som kanskje dei som kan reglane til punkt og prikke likevel ville ha gjetta seg til etter kvart, sit eg igjen med ei god kjensle. Det er ingenting ekstraordinært med filmen som klarar seg godt som eit drama med unge foran kamera. Fleire småting kan ein likevel sette peikefingeren på, men eg er ikkje her for å rakke ned på detaljar i dag, det er heilheiten som tel her.

6/10