Ja, eg har sett den nye «Futurama»filmen. Nei, eg skal ikkje røpe historien eller kritisere. Ja, «The Simpsons Movie» blir som hermetikk i forhold til ferskvare med den forsegla glasskuppelen sin. Ja, eg skal gi meg med å svare på spørsmål eg aldri har stilt her.
I år 2003 besteme ei gruppe inkompetente menneske med makt at «Futurama» hadde sagt sine siste visdomsord på FOX. I år 2007 har Comedy Central endeleg fått serien tilbake, først som rett-på-video og over nyttår oppdelt i episodeformat for tv. Denne store seieren kan umogleg bli oversett, så opningsvis blir me fortalt dette på ein måte berre «Futurama» kan.
«Bender’s Big Score» innfrir alle forventingar dÃ¥ den klarar det «The Simpsons Movie» ikkje klarte i overgongen frÃ¥ kort episode til lengre film, nemleg Ã¥ tilpasse seg formatet, med sine 90 minuttar kunne det lett ha blitt for mykje eller at historia blei langdryg, men i ettertid er eg glad over Ã¥ kunne sei at filmen stod med glans. Alt serien bydde pÃ¥ tidlegare av sprø humor og sci-fi-referansar er tilstades, saman med ei god historie og bihistoriar som fint klarar Ã¥ strekke seg over halvannan time. Tempoet er viktig, og det er som Ã¥ sjÃ¥ ein vanleg episode, akkurat passe lang og alltid like morosam, like useriøs.
Etter Ã¥ ha gÃ¥tt over til Comedy Central, spesielt kjent for South Park — ein serie som berre blir grovare og grovare, har «Futurama» fÃ¥tt ekstra krydder — gÃ¥tt eit steg vidare — blitt hakket kvassare, resten er likevel som før, «Futurama» er og blir «Futurama». Forvent ein del overraskingar, mange kjente ansikt, president Nixon og robotmafia. Meir vil eg ikkje røpe, dÃ¥ mykje av gleda for min del lÃ¥g i at eg visste ingenting om filmen pÃ¥ forhÃ¥nd, sÃ¥ mÃ¥ jo du fÃ¥ den same sjansen. Men du mÃ¥ jo ha likt serien!
