Chelovek s kino-apparatom (1929)
User Rating: 8.3/10 (2,541 votes)
«Man With a Movie Camera» er eit eksperiment gjort av Dziga Vertov, den sovjetiske filmavantgardens leiande figur. Det gjekk ut på å lage ein stumfilm som ikkje trengte mellomtekstar for å drive handlinga. I samtida var det eit mislykka forsøk, eller heller misforstått, den slo iallfall ikkje gjennom. I ettertid har filmen blitt ein av dei mest annerkjente frå sin periode.
Vertov var den første til å bruke montasjen i ein teoretisk samanheng. «Man With a Movie Camera» er eit testament på dette og mange av dei andre uttrykksformene han og medarbeidarane hans eksperimenterte i. Deriblant broren Mikhail Kaufman og den blivande hustrua Elizaveta Svilova, som begge var med på å lage denne filmen.
«Man With a Movie Camera» er eit imponerande skue. Det er ikkje alltid like lett å fatte samanhengen, for inntrykka er så mange og så blanda. Meininga er at dette skal vere ein beskrivelse av dagen til ein kameramann, opplevelsane hans. Det strekker seg innimellom eit stykke lengre, som til andre sider ved prosessen bak det å lage ein film. Byen han befinn seg i er satt saman av bilde frå mange forskjellige byar i Sovjetunionen.
Versjonen eg såg hadde eit lydspor av The (Vertov) Cinematic Orchestra, stammar frå 2003, og er ei blanding av electronica og jazz. Veldig stemningsfullt! Orkesteret reiste i ein periode rundt om i verda og spelte på filmfestivalar. Sikkert nok ei uforgløymeleg opplevelse.
Imponerande på så mange område, «Man With a Movie Camera» manglar skikkeleg driv, interessa avtok difor etter ei stund, og 70 minuttar var ikkje eit minutt for kort.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(2 hittil)