Shaun of the Dead / Hot Fuzz
I forbindelse med «Hot Fuzz», det nye samarbeidet mellom Edgar Wright og Simon Pegg, såg eg det nødvendig å erstatte gamle, middelmådige minner av «Shaun of the Dead» med nye.
Mitt forrige møte med «Shaun of the Dead» kom for tidleg. Før eg hadde fått sett slike klassiske zombiefilmar den parodierte blei det ikkje store greiene. No omstilt og klar for å sjå dette på nytt gav eg meg i gong. Simon Pegg spelar ein litt distansert Shaun som blir meir distansert når dama slår opp. Parallellt med dette bryt ein epidemi ut; gatene flyt over av zombiar. Shaun, i si eiga verd, merka ikkje desse tilstandane før dei har blitt verkeleg alvorlege. I kamp for overlevinga blir det ispedd ein solid dose god, britisk, parodisk, humor, utøvd at eit spekter av Storbrittania sine morsommaste skodespelarar. At den tek heilt av vil eg ikkje påstå, sjølv om eg stilte med færre kort på handa forrige gong, fekk eg litt av den same skuffa kjensla no. Det er nok fordi forventingane til den blir bygd opp i skyene overalt. Nokre av sekvensane bygg på ein enkel form for humor som rett og slett ikkje slår an heller. Eg burde ha komme med spesifikke eksempel, men er dårleg på å hugse filmdetaljar over tid, så det blir med det generelle inntrykket.
Etter lengre venting kom endeleg «Hot Fuzz» til kino, og etter meir venting kom eg meg til kinoen. Forhåndskunnskapane om «Hot Fuzz» var relativt små, med traileren som einaste bakgrunn. Eg ser no i ettertid at den er ein knapp forsmak på kva filmen leverar, så den skal ha skryt for både å halde seg i tøylane samtidig som den gir forsmaken. Over til filmen. Dette er ein politispenningskomedie satt til ein roleg engelsk landsby som kvart år kjempar om å bli “årets beste landsby”. Overkonstabel Nicholas Angel (Simon Pegg) blir (ufrivillig) overført dit frå Londonpolitiet fordi han har for god personleg statistikk og får resten av politiet til å ta seg dårleg ut. Livet viser seg ikkje å vere så stille på landsbygda likevel, når mange ulykker inntreff på rekke og rad ser Angel ei større sak på gong. Dei allereie godt etablerte politifunksjonærane avfeiar teoriane hans glatt. «Hot Fuzz» er god i måten Edgar Wright pressar inn haugar med informasjon og detaljar i kvart bilde (ypparleg med tanke på gjensjåing), skrur opp klyppefrekvensen der det er nødvendig (ingen dødtid), legg humoren i fleire lag (enkelt eksempel: dialog og ansiktsuttrykk), køyrer tempoet på filmen opp på eit fantastisk godt nivå når trådane blir samla (action non-stop) og har parodiert utan å massakrere originalar. Betre enn «Shaun of the Dead»? Sjå begge!

(1 hittil)