Døden er et kjærtegn (1949)
Edith Carlmar sin regidebut skapte oppstyr, det er ikkje ofte ein høyrer om attentatforsøk i forbindelse med kinopremiar, men det var faktisk det som skjedde når «Døden er et kjærtegn» blei vist på Colosseum i 1949, Edith Carlmar blei trua med å bli skoten. I Kristiansand blei filmen i heile tatt nekta vising, noko som aldri ville ha skjedd i dag då den dengong så mykje omtala «skandalen» verken inneholdt nakenheit eller stygge ord, såvidt eg forstår ville nok flesteparten i dag vore knekkande likegyldig ovafor det «kontroversielle» temaet.
«Døden er et kjærtegn» er ei filmatisering av ein Arve Moen roman om ei sann kjærleikstragedie frå 1930-talet. Ein forlova ung mann og ei gift eldre kvinne finn tonen og meir til og knyter eigne bånd, så blir det knute på tråden, dei finn ut at dei er altfor forskjellige, unge Erik er arbeidsklasse og eldre Sonja er middelklasse. Det står så godt bak på omslaget til filmen: «… et klasseskille man ikke bar kan hoppe bukk over».
Norsk film på denne tiden kan verke litt stiv i dialogen og denslags, slik var no eingong stilen, eg synst det gjer seg godt og blir litt av gleden med å gå så lang tilbake i tid, eg forventa noko annleis enn dagens og får det servert. Oppstyret filmen skapte gjer at eg ser litt annleis på filmen, hadde eg ikkje visst ein ting så hadde det ikkje vore så altfor drøyt, ikkje at det er det elles heller, men du ser kanskje poenget mitt?
Når alt kjem til alt handlar det om å like eller ikkje like filmen, og eg likte den forsåvidt litt. Eg satte pris på den brutale framdrifta, enkelt og effektivt utført, ingen nøling her. Eg likar også tanken om at denne snodde seg rundt sensuren og satte ein støkk med tematikken.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Den siste av i alt ti filmar ekteparet Edith og Otto Carlmar laga, Edith var forresten den første norske kvinnelege regissøren, omhandlar eit ungt kjærestepar som reiser frå byen og foreldrer og slår seg ned i ein fråflytta gammal husmannsplass.
Filmfortellingen «Skadeskutt» er et viktig bidrag til den vrangforestillingen som nok hersket i 1950-tallets samtid om sinnsyke, de asylopphold som måtte foreligge og menneskers uvitenhet i forhold til behandlingen av den såkalt helbredede. I sitt verk som en oppdiktet fortelling har «Skadeskutt» først og fremst et formål, her skal vi som dumme, dumme seere læres opp til å forstå hvor viktig det er å behandle de sinnsyke med varsomme hender uten å nedverdige dem.
(0 hittil)