Filmdagbok
ness
12-mar-2008
Comments Off
Comments Off

Quarterlife sesong 1

6 episodar.

Qlife2«Quarterlife» hadde eg opprinneleg tenkt til å skrive om i ei oppkommande pilotguideinnlegg, diverre viste denne flotte serien seg å bombe totalt på Nielsenratingen og gå ut som den verste nye serien i tidsrommet sitt på NBC på 20 år. Er det bullshitdektektoren min som er fullstendig øydelagt, er dette ein dårleg serie, eller er den faktisk god?

Heldigvis fekk eg sjansen til å utforske dette spørsmålet, totalt 6 episodar var allereie produsert og blei dumpa i eit maraton på ein av NBC sine mindre søsterkanalar, Bravo. Og eg må innrømme at eg etter endt serie fortsatt synst dette fungerte godt. Til den type dramaserie «Quarterlife» er har skaparane klart å gi ein meir realtistisk feel over det heile, sjølv om problema, småhistoriane og forholda ikkje utfordrar.

Serien er bygd opp rundt videobloggingsida Quarterlife, som faktisk eksisterar, men fungerar som ein dagbokserie med jenta Dylan som knutepunktet, og med dei ferdigutdanna vennene hennar som fokusgruppa. Karakterane fenga meg tidleg inn i første episode, sjølv om eit par av dei har blitt mindre interessante utover synst eg fortsatt dei var artige å følge med på gjennom dei 6 episodane.

Eg har ikkje heilt fått med meg korleis denne serien har gått hittil og vil fortsette, men det er noko korte greier på MySpace og masse ymse på Quarterlife, i tillegg til dei 6 episodane på 45 min som var meint for NBC.

 
ness
12-mar-2007
Comments Off
Comments Off

Legends of the Fall (1994)

Legends of the Fall (1994)User Rating: 6.8/10 (19,951 votes)

I jakta på eit sentimentalt drama snubla eg gjennom det lange, blonde håret til Brad Pitt og tørka eit par tårer i same slengen. Dette er 2 timar med trist, dog nydeleg historie.

Anthony Hopkins var allereie i 1994 gammal nok til å få spele den avdanka løytnanten Ludlow, far til tre søner, viss tragedie på tragedie vil bli presantert for. «Legends of the Fall» føregår rundt, då spesielt etter 1. verdskrig, der både liv blir tekne og kjærleik kjempa for.

Det føles kjent, med nok filmmusikk til å fylle to CD-ar og eit mannshjart. Store og modige menn i fleng og nydeleg landskap er nokre av dei andre ingrediensane. Sånn omkring det eg var på jakt etter denne dagen altså. Men mykje av filmen går rett forbi i sin trang til å gjere alt så overdådig og megasentimentalt (!), her ligg filmen si svakheit. Når den har runda 80-90 minutt byrja kroppen å verke etter bevegelse, og tankane gjekk både hit og dit.

Forutan små svakheiter så føles dette som ein skikkeleg godfilm, av den typen eg vil tenke tilbake på som både pen å sjå på og som rører. Det skal den ha, tross uoppfinnsom dramaoppskrift.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-des-2006
Comments Off
Comments Off

Blood Diamond (2006)

Blood DiamondUser Rating: 7.7/10 (3,775 votes)

Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor denne filmen har fått sin plass blant Golden Globe nominasjonane med Leonardo DiCaprio for rollen sin i filmen. Den er basert på faktiske problem, føregår i Afrika og er brutalt skildra, med innslag av massakre og barnesoldatar. Det er ei god romantisk historie med, settingen er nydeleg, og det er nok av action i tillegg til drama.

Men det er mest det alvorlege blikket mot diamanthandelen som får æra for at «Blood Diamond» fungerar som den gjer. At det er den typiske oppskrifta for Oscar bryr meg ikkje så mykje, for når ein film er god, så er det same kva regissøren har hatt i tankane - viss han i heile tatt har sikta mot ein Oscar.

Eg gir meg med dette sagt, ettersom filmen er god på ein måte eg ikkje heilt står god for å gjengi på ein fornutftig måte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-mai-2004

The Last Samurai (2003)

The Last SamuraiUser Rating: 7.8/10 (17,351 votes)

Nydeleg film. Veldig god type setting. Rørande historie. Bra slossing.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10