East of Eden (1955)

IMDb: 8.1/10 (10,830 votes)

For å ta det kronologisk etter utgivelse startar eg med gjennombrotsfilmen til James Dean, og den einaste han sjølv fekk oppleve suksessen av mens han levde.

Basert på siste tredjedel av boka til John Steinbeck («Of Mice and Men», «The Grapes of Wrath») omhandlar denne ein familie på to søner og ein far, hovudrollen er tildelt Dean som spelar den «onde» av dei to sønene, skjønt ond er ei overdrivelse, han er berre litt vill av seg. Filmen sit djupt og gjer inntrykk, Dean imponerar stort og gjer i stor grad filmen til sin. Det flottaste med filmen er at sjølv om karakterane til ei viss grad blir fortalt verbalt kva skal stå for, er dei meir tredimensjonale enn som så og lever sine eigne liv. Eit nydeleg drama, absolutt å anbefale!

8/10

On the Waterfront (1954)

IMDb: 8.4/10 (24,832 votes)

On the waterfrontVed sidan av «The Godfather» er «On the Waterfront» ein av filmane Marlon Brando vann Oscar for i si tid. Som den framleis unge eks-boksaren Terry Malloy er han ein av favorittane til fagforeiningsbestyraren ved hamna, ein ikkje fullt så vennleg Johnny Friendly. Fersk i gamet veit ikkje Malloy alltid kva han går til, og når ein av feltturane fører til eit dødsfall hjå eit fagforeiningsmedlem dukkar det opp tvil og skuld i sinnet hans omkring miljøet han befinn seg i. Når han etter kvart stiftar kjennskap til den avdøde si søster byr det på trøbbel for fleire enn berre han sjølv.

«On the Waterfront» er ikkje berre Marlon Brando sin film, god i rolla som Terry Malloy han er, den prøver Ã¥ vere eit bevis pÃ¥ at plassen ein er tildelt i samfunnet ikkje nødvendigvis er si eiga forteneste, sÃ¥ lenge ein er klar over dette kan ein kjempe for noko betre. Du har anti-helten Malloy sin kamp mot mot overmakta tross at folk flest er sÃ¥ redde at dei snur ryggen til nÃ¥r han treng hjelp. Overmakta, her representert i form av gangsterar som driv fagforeininga, styrer godt unna dei verste klisjeane tileigna til gangstermiljø og mafia (det er for saks skuld ikkje mafiaen me møter her), men let nok kjente sider vere igjen — nok til Ã¥ skape skikkelege skurkar og gi inntrykk av ein hÃ¥plaus situasjon for dei undertrykkte. Den romantiske delen av filmen fungerar godt ved sidan av dette, og stikk heller aldri av med det største fokuset i filmen, likevel blir den tilegna nok tid til Ã¥ gi inntrykk av at Malloy sin kamp Ã¥leine er litt sjølvpÃ¥skulda?

Fin film med fleire gode sider, litt slapp innimellom, men har ei god historie, gode skodespelarar og i blant får den fram fin kjemi mellom dei ulike aktørane.

7/10