Surplus: Terrorized Into Being Consumers (2003)
User Rating: 6.7/10 (324 votes)
Ein dokumentar er noko som skal dokumentere noko. Det å dokumentere inneber enkelt og greitt at noko skal bli sagt. Krava som folk stiller til ein dokumentar er derimot ein anna sak, mine krav til ein dokumentar er at informasjonen ikkje skal vere skjult. Den skal heller ikkje vere redigert eller satt sammen av ulike stemmer for å oppnå ein påvirkande effekt. Den skal rett og slett vere ekte, subjektiv og ikkje propaganda. Surplus er reinspikka propaganda, og ein lite truverdig ein og. Den brukar virkemiddel som humor og repetisjon, som eg i andre tilfeller kan godta, men ikkje i denne settingen. Når det kjem til engasjement, så lykkast filmen i å skape diskusjon blant sjåarane, det er vanskeleg å holde seg likegyldig til formen Surplus kjem i form av. Men eit visst punkt ut i dokumentaren blei eg så oppgitt av den subjektive vinklinga at eg rett og slett måtte snu meg vekk og ta ein pause.
Det handlar som dokumentarens tittel tilseier om å konsumere, og i denne forstand varer. Filmen rettar kritikk mot dagens forbrukssamfunn, og har lite positivt å sei om det. Intervju med John Zerzan som snakkar om det idylliske steinaldersamfunnet, klipping av kjente poliktikarar med humoristisk voiceover, opphausar det enkle og glade systemet som er faktum på Cuba, der folket ofte berre har eit enkelt merke innan kvart produkt å holde seg til. På dette område er dokumentaren faktisk sjølvmotsigande, når me tidlegare får innprenta at det å måtte velge mellom 3 ulike produkt ikkje er friheit, og så blir det enkle med Cuba seinare ein god ting.
Visuelt sett er dette ein fin dokumentar, men på alle andre områder må eg sei det var ei trist farse. Eit par områder kan ein sjølvsagt vere enige i, men som nemnt tidlegare så er ein av mine krav til dokumentaren at den skal vere subjektiv, spesielt når det er eit så politisk tema.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Comments Off