Ballet mécanique (1924)
User Rating: 7.1/10 (351 votes)
Litt kunstfilm i studiesamanheng, ikkje til å forvekslast med filmkunst! Denne korte greia av Fernand Legér og Dudley Murphy påpeikte forlesaren vår at han hadde brukt som trusselmiddel for studentar som ikkje hadde lyst å møte opp på øvingar den gongen det var obligatorisk i faget med namnet estetisk kommunikasjon.
Eg synst ikkje dette var det verste, men det var takka vere at me vart vist ein versjon med musikk av George Antheil til. Og filmen var seinka til normal hastigheit. Det er i utgangspunktet snakk om ein drøss med bevegelege stillbilder, for å sei det på fint, altså 20 minuttar med usamanhengande inntrykk. Eit tålmodigheitsprøve for mange. Sjølv kjem eg nok aldri til å sjå dette igjen, for spesielt spennande var det ikkje, men eg kjem til å hugse den påtrengande pianomusikken som veldig stemningsskapande og det absurde i bilde som litt komisk oppi alt.
Ut i frå alt pensumet eg har lese omkring filmen kunne eg skrive mykje rart, og mykje kjedeleg her, men eg gir meg. Reknar ikkje med nokon andre har interesse av å vite om ein sånn film heller. For mi eiga del er dette eit avslutta kapittel.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Comments Off