Peggy Sue Got Married (1986)

IMDb: 6.3/10 (12,038 votes)

Francis Ford Coppola er mest kjent for å ha laga filmar som The Godfather, The Conversation og Apocalypse Now! Men ved sidan av dei gode har han òg laga fleire ikkje fullt så gode, og ca. i det leie er det me finn «Peggy Sue Got Married».

Det er gjenforeining, 20 år etter high school, og Peggy (Kathleen Turner) har nyleg forlate mannen sin, Charlie (Nicolas Cage). Eit anfall under samlinga sender Peggy inn i ein slags koma, og ho får ein sjanse til å leve opp igjen ungdomstida.

Filmen viser kva Peggy, med fleire år som vaksen, ville ha gjort annleis om ho fekk sjansen. Den er òg rettferdig mot påverknader som miljø og eigen kropp har på Peggy, som i utgangspunktet trur ho veit betre, på grunn av den eigentlege alderen.

Sett til både 1960- og 1980-talet blir denne filmen ei blanding mellom retro ungdomskomedie og vakse drama. Ved å la Peggy behalde minnet sitt, og utnytte idear til oppfinningar som etter 1960 har gjort folk rike, kjem filmen såvidt innpå problemstillinga kring alle dei faktorane som spelar inn for at endring skal skje. Men det blir stort sett leiking med tanken, for det meste av fokuset til «Peggy Sue Got Married» ligg på det å vere open og våge å trå utanfor dei trygge råmene sine, for kanskje å finne livet betre utanfor.

Filmen lukkast i å preike om toleranse, og er til ei viss grad interessant når det kjem til Peggy, som har kunnskap om hendingar fram mot 1980-talet. Utanom dette er det ikkje all verden å hente, litt komedie og eit kurant drama. Ikkje blant dei skarpaste til Coppola, men framleis over middels.

6/10

Apocalypse Now (1979)

IMDb: 8.5/10 (99,066 votes)

Apocalypse Now ReduxLaurdagskvelden var satt av til eit formål, nemleg å få sett «Apocalypse Now». Ikkje nok med det, det var Redux-versjonen som skulle sjåast, som er cirka 50 minuttar lengre enn den originale.

Mest av alt forventa eg meg ein krigsfilm i tradisjonell forstand, med helten som overleve på ei slagmark eller noko som involverar kamp etter kamp etter kamp. Altså var det ikkje med dei mest positive tankane eg satte i gong, for eg er ingen tilhengar av slike krigsfilmar.

«Apocalypse Now» var derimot meir, og eg må ha oversett regissørstillinga til Francis Ford Coppola når eg trudde dette skulle bli ei mengde med skyting og eksplosjonar.

Fokuset på filmen ligg på kaptein Benjamin L. Willard (Martin Sheen), ein mann som har gitt opp ei liv utanom Vietnamkrigen. Ei prega sjel som tross ei relativt cool holdning er ved sine fulle fem. Han får eit spesialoppdrag som inneber ei lang reise oppover Nungelva, og storeparten av filmen beskriv denne reisa.

Naturlegvis ligg det utfordringar langs vegen. Robert Duvall er kanskje den mest sitatvennlege av desse med orda «I love the smell of napalm in the morning». Men ikkje alle møta undervegs er direkte utfordringar sånn sett, men bilde som skal gi oss inntrykk for å kunne gi oss ein idé av Willard si karakterutvikling.

Rik på inntrykk, men med mange lange, kjedelege sekvensar som øydelegg ein elles god film. «Apocalypse Now» er ein film som kan vere lang, men Redux er altfor lang. Korleis den originale utgåva er har eg tilgode å finne ut, men noko seier meg at det ikkje blir på nokre år.

Noko anna eg sakna innimellom var fråveret av forteljarstemma som så godt set stemning på andre deler av filmen. Denne er av Martin Sheen sjølv, og tek for seg tankane han gjer seg om ymse undervegs. Ein nemneverdig del av filmen som er med å hevar inntrykket.

Eg veit ikkje heilt kva eg eigentleg synst om filmen. Den er godt laga og har mange gode deler, men blir for lang. Difor tek eg avstand frå den vanlege ein-linjer-avslutnings-vurderinga mi, og håpar eg i det minste har gitt eit inntrykk av kva eg meinar om filmen i avsnitta over.

6/10

The Conversation (1974)

IMDb: 8.1/10 (13,808 votes)

The ConversationEg hadde i grunn ingen peiling pÃ¥ kva eg gjekk til, anna enn at dette var ein Francis Ford Coppola film, produsert i San Francisco under American Zoetrope og gitt ut av The Director’s Company. Iallfall noko i den dur.

I desse dagar då alt skal gå så fort, og mykje skal skje, så er denne filmen eit klart utskot. Det er lite tale, tross tittelen på filmen, og det tek si tid å bli skikkeleg involvert. Men med ei konsetrasjon på høgt nivå i kveld så storkoste eg meg blant jazzmusikk og ein lukka person iført Gene Hackmans skikkelse. Og når det hadde gått ei stund byrja det å bli spennande og eg fekk den gode kjensla som dukkar opp når eg ser ein god mystikkfilm. Handlinga gjekk aldri mykje fortare, men alle dei lause trådane fekk hjernecellene mine til å surre rundt som tullebukkar, og eg trur nesten eg blei litt paranoid lik Henry Caul.

Til å vere ein film på nærmare to timar gjekk den overraskande greitt. Eg har litt vanskeleg for å sette meg ned midt i veka med lengre filmar, men her såg eg ikkje på klokka ein einaste gong. Stort pluss.

6/10

The Rainmaker (1997)

IMDb: 6.8/10 (9,332 votes)

The RainmakerFin film.

6/10