8 femmes (2002)

IMDb: 7.0/10 (12,811 votes)

eight_women_ver1Luke nr. 14. Åtte kvinner og ein død mann, det er utgangspunktet for «8 femmes», ein adapsjon av eit skodespel som kryssar krim og musikal. Åtte kvinner, dei fleste i familie med kvarandre, blir tvinga til å forlenge samhaldet i nærvær av kvarandre då mannen i huset blir funne drepen. Vidare følgjer ei nesten to timar lang førestilling der kvinnene prøver å avsløre kven av dei som kan vere mordaren, for det er klart at ingen andre har hatt moglegheita.

Innesnøa og med kald stemning seg i mellom, «8 femmes» er ei framsyning av slu kvinner som manipulerer, hatar og elskar kvarandre, sjølv om det ofte er vanskeleg å definere den eigentlege naturen til karakterane. Studie av kvinnene som med dramatisk endring i humør like gjerne kunne hatt ti døde menn i etasjen over som ingen utan å oppføre seg annleis, blir både fascinerande og tidvis rimeleg keisamt. Mordet forsvinn i bakgrunnen og det er lite igjen som gjer dette til ei samanknytt filmoppleving. Dei musikalske innslaga er fine, om enn meir små pausar av lite kraftfulle songar enn noko anna.

Resultatet er ein altfor lang film om litt for lite, når mordhistoria må bli avslutta sit eg ikkje igjen med interesse for verken løysing eller utfallet til eventuelt skuldige og uskuldige som har fått pepar undervegs. Godt skodespel av kjente franske skodespelarinner er blant det positive, så å mislike «8 femmes» er ingen alternativ for min del heller.

6/10

Swimming Pool (2003)

IMDb: 6.9/10 (9,021 votes)

Swimming PoolLenge var det berre musikken som hinta til ei mystisk stemning, og historia om forfattaren Sarah Morton og den unge Julie gjekk sin gong. Men etter kvart tok denne filmen ei anna retning, meir i den stilen som ein får inntrykk av at Sarah skriv i. I fare for å gi eit feil bilde, vil eg likevel sei at det blei ganske så skrudd utover, men på ein positiv måte. Det vart faktisk ganske så interessant, og det heile toppa seg på slutten. Sluttar har eg inntrykk av, er ein vanskeleg del av ein film. Om den skal vere lykkeleg, tragisk, open eller lukka. Dei einaste orda eg vil dele om slutten her er ganske enkle, bra og interessant.

Som eg nemnte, så hinta musikken til ei mystisk stemning, dette merkar ein allereie i introduksjonen til filmen, men musikken følger oss gjennom heile. Det er på ingen måte ein ny sjanger, men ein type musikk som er gjengangar i litt mystiske krimfilmar, noko som kanskje gjer det enklare å putte denne filmen i ein bås (utan å vere negativ her heller). Den var med på å sette ei slik stemning at eg ikkje ga opp, trass i at det heile tok litt tid. Eit anna poeng er at eg generelt har ei viss interesse for filmar om forfattarar, enkelt og greitt.

Det er ikkje til Ã¥ komme utanom at dette er første filmen eg ser med Charlotte Rampling, men det er ikkje pÃ¥ grunn av at ho er ein dÃ¥rleg skodespelar, for det er ho slettes ikkje, iallfall ikkje i denne filmen. Ho gir ei fin tolking av den litt kalde, om ikkje akkurat sure, engelske forfattaren Sarha Morton. Ludivine Sagnier, som spelar Julie, gir oss i tillegg til noko Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ (…), ei ikkje fullt sÃ¥ stereotyp «frisluppen» ung jente som ein ofte ville funne i ein Hollywoodproduksjon, noko som fører til at eg ikkje kan rakke ned pÃ¥ ho heller. Men heller enn det vil eg faktisk sei at denne filmen er god.

7/10