The Mist (2007)
User Rating: 7.7/10 (11,472 votes)
Frank Darabont står bak to av dei beste, men og mest dramaorienterte Stephen King adapsjonane til lerretet. Med «The Mist» bevegar han seg inn på det overnaturlege, men skapar like fullt ein god film.
Det startar med ein storm, så kjem tåka, tjukk som julenissen og kvit som kokain, og legg seg som eit pledd over småbyen me har blitt etterlatt i. Eit tre i hagen til familien Drayton har knust eine vindauge i til huset deira, og herr Drayton, David, er i butikken med sonen for å kjøpe midlertidig reperasjonsutstyr når tåka sig inn. Ingen anar fare før ein blodig mann kjem springande ut av tåka og inn på butikken, det er «noko» som gøymer seg i den.
«The Mist» håndterar gruppa menneske i butikken i deira møte med det som ikkje skal kunne eksistere. Reaksjonane varierar frå fornektelse til aggresjon, nokre går rett i døden som følger av dårlege avgjersler, men korleis kan me utsette noko på folk som klart er i sjokk? Den ustabile og fundamentale krisne kjerringa Mrs. Carmody preikar i eit sett om Guds vilje og er det tydelegaste eksempelet på at denne filmen tek for seg så vel interne problem som eksterne, Marcia Gay Harden er ei dame eg mislikar sterkt - ho er så altfor flink til å spele usmakelege kvinnfolk, og gjer ein av dei verste (les: beste) rollane sine her, som ei meir truverdig og ikkje minst vaksen utgåve av Malachai frå «Children of the Corn». Konflikta mellom ho og andre er årsak til stor irritasjon, eller kanskje meir engasjement - du vil at noko skal skje, samtidig legg ikkje «The Mist» seg i klisjetogets skinnespor, sjølv om det i blant blir kryssa.

Mellom mange og dataanimerte monsterkalas held Darabont spenninga oppe ved å utnytte tåka for det den er god for. Uvisse pregar store delar av filmen, tung stillheit heng over mange av dei beste scenene. Stygge kryp kjem tidsnok inn i bilde, kva opphavet er blir det viktige spørsmålet som gjer det verdt å følge med på vidare. No dreg dette ut i litt over 2 timar, noko tålmodigheita får kjenne gjennom eit par altfor lange sekvensar, eg synst likevel det er ein god film, mange interessante og ulike sider ved historia kjem fram - det blir aldri ein rein monsterslasher eller «konflikt mellom folk i butikken»-film, balansen er god og gjer dette verdt ein titt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


Comments Off