ness
05-Jan-2005

The Stepford Wives (2004)

Stepford WivesIMDb: 5.3/10 (5,664 votes)

Fordi eg hadde sett denne filmen før, var målet mitt denne gongen å finne ut ting som kunne vere avslørande når det gjald å vise at kvinnene var robotar. Men fann ut ganske fort at det ikkje var filmen til å forstå noko meir andre gongen ein ser den, trass i at avsløringane kjem meir mot slutten av filmen. Skjønna ein ikkje at kvinnene er robotar med ein gong ein ser måten dei. Eg ppfører seg på, så har ein skjønt lite. Introen var ein glede å sjå igjen, skikkeleg retro, og det er positiv meint. Elles vil eg sei filmen er ein middels film, den var ikkje kjedeleg å sjå igjen, men var heller ingen oppvekkar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
06-Nov-2004

The Stepford Wives (2004)

Stepford WivesIMDb: 5.4/10 (3,926 votes)

Har ikkje sett originalen frå 1975, som ifølge IMDB har fått betre kritikkar og rating, men likte denne filmen passe bra. Fargane og sjølve settingen i Stepford er ganske 50-tals i overdreven og høgtidleg stil, og gjer latterleggjeringa av det perfekte god og tydeleg, men på ein morsom måte. Filmen leve som mange andre filmar ikkje opp til traileren, utan at det trakk så altfor mykje ned. Ein liten ting som eg sakna var litt meir thriller. Hadde filmen vore skumlare, nokon den absolutt hadde posential til å vere, hadde den nok sett betre ut i mine auge.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-May-2004

The Dark Crystal (1982)

The Dark CrystalIMDb: 6.9/10 (5,384 votes)

Bra laga. Dessverre ikkje så spennande. Litt svak story, passa kanskje betre for den yngre aldersgruppa. For kort for sjangeren, kunne ha vore meir utdjupa.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10