Jason X (2001)

IMDb: 4.3/10 (15,894 votes)

Bånn i bøtta. Morosam ide, ufatteleg dårleg gjennomført. «Jason X» er som ein dårleg kopi av «Alien» der romvesenet er erstatta med Jason, dårlege skodespelarar er noko ein ikkje bryr seg med i franchisen, men her blei det for vondt til å bli oversett. Om forsøket er ein moderne sci-fi vri på grøssarsjangeren så er jo filmen det, men den er eit veldig dårleg forsøk.

3/10

Jason Goes to Hell: The Final Friday (1993)

IMDb: 4.0/10 (7,636 votes)

Eksplosiv start, Jason blir sprengt i fillebitar av militære, men oppstår då obduksjonsansvarlege finn det for godt å jafse i seg det store, svarte hjarte som Jason hadde i kroppen. I «The Final Friday» blir det forsøkt gitt begrunnelsar for kvifor Jason er som han er, noko neste film følger opp med. Det skal ikkje vere slik, Jason er eit rart vesen som vanskeleg kan plukkast frå kvarandre. Filmen ser derimot passe lekker ut, og byr på bøtter med blod.

4/10

Friday the 13th Part VIII: Jason Takes Manhattan (1989)

IMDb: 3.8/10 (8,920 votes)

Smak på tittelen. Litt musikal som i «The Muppets Take Manhattan» kanskje? Her handlar det om ungdommar, igjen, og ja, Jason! Handlinga går føre seg på eit cruise til New York, høgdpunktet i filmen er sjølvsagt ved framkomsten. Ikkje heilt bra dette, Jason i folkemengder blir litt rart, men det fungerar akkurat greitt nok likevel, dei som har komme seg så langt i serien veit jo kva dei går til.

4/10

Friday the 13th Part VII: The New Blood (1988)

IMDb: 4.5/10 (7,773 votes)

Ei jente som opplevde faren sin død kjem attende til Crystal Lake med legen sin for å få gi fart i traumebehandlinga, ho har nokre telepatiske emner som er viktig for filmen då Jason nok ein gong oppstår for å plage jenta (med lege og mor) og dei festglade ungdommane som har leigd hytta like ved.

5/10

Jason Lives: Friday the 13th Part VI (1986)

IMDb: 5.2/10 (8,479 votes)

Vår venn frå «The Final Chapter» og «A New Beginning» får lov til å vere med her også, heller ikkje filmskaparen klarar å bevare særlege likskapar i karakteren som igjen blir spelt av ein ny skodespelar. Jason er tilbake og begynnar verkeleg å ta av, frå her og utover blir gjennopplivingane villare . Filmen tek for seg leirinstruktørar igjen, har med politi som prøver å undertrykke legenda Jason. Morosamt er det at Crystal Lake har bytta namn til Forest Green for å understreke poenget til politimannen, når namnet igjen er Crystal Lake i neste film finst det ingen grunngjeving for det.

5/10

Friday the 13th: A New Beginning (1985)

IMDb: 3.9/10 (8,273 votes)

Denne litt snÃ¥le greia var den første skuffelsen, ikkje ein stor, men likevel ein skuffelse. For det første — her fÃ¥r det sÃ¥ vere at eg røper poenget — Jason er utelatt frÃ¥ filmen. Det heile føregÃ¥r pÃ¥ eit ungdomsanstalt utan guffen Crystal Lake-stemning. Interessant er det Ã¥ sjÃ¥ ein rollefigur frÃ¥ «The Final Chapter» (ny skodespelar dÃ¥), fÃ¥r lov til Ã¥ spele gjennom heile filmen og ikkje berre vere senter for opningssekvensen. Overkommeleg film, ingenting Ã¥ skrive heim til mor om.

4/10

Friday the 13th: The Final Chapter (1984)

IMDb: 5.1/10 (9,107 votes)

Det flotte med denne filmen er at barn er teke inn i historien, dette gir ekstra gufs, eller eit ekstra puff i framstillinga av brutaliteten. Starten er ogsÃ¥ ganske morosam. Har lite Ã¥ utsette pÃ¥ denne, den er som den forrige filmen midt pÃ¥ treet. Siste film i franchisen er den og… eller… vent litt, du.

5/10

Friday the 13th Part III (1982)

IMDb: 5.0/10 (9,867 votes)

Frå her av og utover synst eg filmane aldri har blitt meir enn grei underholdning. Denne tredje filmen er blant dei betre etter dei to første (som er dei to beste). Jason gjenoppstår og legg seg etter ei gruppe unge menneske som er ved Crystal Lake for å ha det gøy, ingen leirforbindelsar her, berre vanleg hyttetur. «Part III» er stadig like flink til å bevare spenninga då det tek tid før folk oppfattar kva som skjer.

5/10

Friday the 13th Part 2 (1981)

IMDb: 5.5/10 (11,602 votes)

Overraskande god oppfølgar, sjølve oppbyggina er nokså lik den første, Voorheesmytologien er i ferd med å slå rot og gir god grunn til å sjå denne. Filmen tek stad ikkje langt unna Camp Crystal Lake som var plassen i første og er veldig lik, det ser eg på som eit pluss, dette er det perfekte og ikkje minst ekte «Friday the 13th»-miljøet i mine auger.

7/10

Friday the 13th (1980)

IMDb: 6.3/10 (22,873 votes)

Utvilsomt seriens beste. Her er ideen frisk og ny i «Friday the 13th»-samanheng. Kanskje ikkje verdens mest innovative film, men måten stemninga blir vektlagt og lykkast i utførelsen, spesielt med tanke på god filmmusikk, også at mordaren forblir skjult, er fin. Mørk film (lowkey) og bra bevaring av mystikken i det avsidesliggande miljøet som aldri blir ein parodi på isolasjon.

8/10