Det Nya Landet (2000)
User Rating: 7.6/10 (528 votes)
Frå vår nabo i aust kom denne invandrarkomedien godt med på eit aldri så lite vorspiel blant venner. Skrive bl.a. av mannen bak «Fucking Åmål», og regissert av Geir Hansteen Jorgensen, blei denne opprinnlege tv-filmen etter kvart omklyppt og tilpassa kino.
Det handlar om Ali og Massoud som rømmer frå asylsøkarleiren for å kunne få bli i Sverige. Dei kjem opp i både morsomme og mindre morsomme situasjonar som har med kulturkrasj og rare svenskar å gjere, men det ligg også ei djupare meining bak filmen. Alt er ikkje enkel moro.
Denne meininga var ikkje den lettaste å fange opp undervegs i vorspielsamanheng, nokre scener står seg likevel ut, og karakterutviklinga kan merkast på både godt og vondt.
Alt i alt ein fin liten film frå våre venner over grensa, mykje god humor uan å vere rølpete. Og sjølv om eg nok har sett den ein gong før skada det ikkje med eit gjensyn.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Comments Off