Private Resort (1985)

IMDb: 4.6/10 (1,876 votes)

Sjølv om det er artig å følge Johnny Depp og Rob Morrow som ungdommar blir også «Private Resort» ein av veldig mange tenåringsfilmar frå 1980-talet som ikkje klatrar høgare enn til midt på skalaen. Det er for lite av den gode handlinga, og filmen spelar på at det er sommar, uskyldig alvor og lettkledde damer å sjå på. Eit par sekvensar innimellom viser at regissøren ikkje har kompetanse for å behandle seriøst drama, men humoren er på plass og trass i nok billeg slapstickhumor kjem det fram scener i blant som gjer dette til ein kurant komedie til utpå kvelden.

5/10