Factory Girl (2006)

IMDb: 6.1/10 (7,322 votes)

factory_girl_ver4Edie Sedgwick var ei av superstjernene til Andy Warhol, kanskje den mest ikoniske sett i ettertid. I «Factory Girl» med Guy Pearce som Warhol og Sienna Miller som Sedgwick følgjer me hennar historie frå college og gjennom tida med Warhol. Om Miller berre skulle ha klart å fange ein brøkdel av sjarmen til Sedgwick, så er uansett dette eit godt livsportrett. Det viktigaste er at den fangar historia i grove trekk på godkjent vis, det får heller vere at det ikkje er noko spennande ved forteljarmåten, Sedgwick er i så måte interessant nok til at filmen kjem seg forbi dette.

6/10