Filmdagbok
ness
28-feb-2006

American Graffiti (1973)

American GraffitiUser Rating: 7.6/10 (15,196 votes)

Filmen med det beste lydsporet eg har høyrt på veldig lenge, George Lucas har skote gullhøna her, eller lagt gullegget? Eg har fortsatt tilgode å bli skuffa over nokon av filmproduksjonane hans.

Historien her er ikkje så komplisert i grunn. Original, og veldig god på sitt område. Den er brukt som referanse i fleire filmar og TV-seriar i ettertid. Vel verdt å sjå. Og på grunn av påverknadsraten sin, så vil eg skryte litt ekstra over den. Bra er ikkje bra nok, her går det mot den første absolutt anbefalt!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-mai-2005

Star Wars: Episode III - Revenge of the Sith (2005)

Star Wars Episode 3User Rating: 8.3/10 (15,821 votes)

Ein lang, men god film, som veks nærmare på deg undervegs. Lyssverdkampen var i overkant av fargerik, og i fare for å utvikle epilepsi så lukka eg augene. Det er i overkant av spesialeffektar, men George Lucas tek var på publikum undervegs med nokre nedstressa scener.

Og ein ting som er sikkert, eg fekk skikkeleg lyst å sjå episode 4 igjen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
17-mai-2005

Star Wars: Episode II - Attack of the Clones (2002)

User Rating: 7.0/10 (64,220 votes)

Star Wars Episode 2Mykje betre enn episode 1. Anakin Skywalker er no blitt 10 år eldre, og etter kvart som tiden går så blir tankane hans mørkare og mørkare. Han når ikkje heilt den mørke sida endå.

Eg klarte ikkje vente på episode 3 til å komme på kino, så eg kjøpte eit teikneseriealbum til den oppkommande filmen, så eg veit litt. Noko som gjer at eg har endå meir lyst å sjå den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-mai-2005

Star Wars: Episode I - The Phantom Menace (1999)

Star Wars Episode 1User Rating: 6.4/10 (84,817 votes)

Ein oppfriskingsrunde med dei to første episodane før premiere på den tredje i Star Wars serien. Det er lenge sidan eg såg denne filmen, så lenge at eg nesten hadde gløymt det heilt. På ein måte ein fin ting, så fekk eg ei ny oppleving ved å sjå den igjen.

Det er ein likandes film, ikkje den beste i serien, men ikkje den verste heller. Jar Jar Binks derimot, han er noko av det verste, for ein irriterande og grusom skapning. George Lucas kunne sett seg tent med å redigere ei ny utgåve av filmane utan Binks i. No gledar eg meg berre til å sjå episode 2, som eg hugsar var ein betre film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-nov-2004

THX 1138 (1971)

THX 1138User Rating: 6.4/10 (3,490 votes)

Ærleg talt så skjønte eg lite av denne filmen. Om det heile var ekte, eller i noko liknande Matrix. Men fann ut etter kvart at det uansett var snakk om ein verden der følelsar er forbode. I det enkle lik Equilibrium filmen. Djupare sett på det, annleis. Innvikla saker.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10