Filmdagbok
ness
23-okt-2007
Comments Off
Comments Off

Koyaanisqatsi (1982)

User Rating: 8.0/10 (8,157 votes)

Koyaanisqatsi (1982)Visuelt slåande bilde med musikk komponert av Philip Glass gjer «Koyaanisqatsi» meir til ein lang musikkvideo enn nokon dokumentar, eller fleire samanhengande musikkvideoar. Ei stund er det imponerande, før eg mistar interessa, i løpet av dei 90 minuttane filmen varer blir eg vitne til gjennomtenkt fotoarbeid utan klar substans. Utan kommentarstemme eller plakatar kviler det heile på sjåaren som vitne. Temaet som knytar dette saman er definert i filmen sin undertittel, «Life out of balance», og dokumentaren kan også kategoriserast som eit dokumentarfilmessay av det meir poetiske slaget.

Forventingane mine til denne visuelle filmbiten var akkurat passe høge, når eg lenge har gått med tankar om å sjå den, men aldri fått gjort det. Kanskje tidspunktet ikkje var det beste, etter 5 timar på forelesarbenken blei eg trøyttare og meir umotivert utover filmen enn godt er, så det heile enda opp som ei anstrengande opplevelse.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10