Gedo senki (2006)

IMDb: 6.4/10 (647 votes)

Tales from Earthsea«Tales from Earthsea» er ein av Studio Ghibli sine nyare filmar. Med dragar, trollmenn, sverd og kongar virka dette meir vestleg enn noko anna Ghibli eg har sett. Men fantasy har vel ingen direkte plasstilhenging.

Kampen mellom lys og mørke, det gode og onde er sentralt her. Me blir introdusert for ei verd som er pÃ¥ veg til Ã¥ gÃ¥ under fordi menneske har øydelagt «balansen» i naturen med kunnskapar som kan overstyre ting som vêr og vind.

Problemet til «Tales from Earthsea» er at den så altfor tydeleg har så mykje den vil fortelje, men ikkje får plass til. Når berre dei viktigaste trekka får sin fortente plass blir det liten djubde. Mykje blir teke for gitt. Eg kjem ikkje utanom det å tenke på «Eragon» soleis. «Eragon» på si side må vere ein bleik kopi av dei originale «Earthsea»-bøkene. Nok om det.

Det eg sakna mest var det «japanske» ved filmen som har vore tilstades i dei andre Ghiblifilmane eg har sett. Dei sprø japanske, myteskapningane, eit japansk miljø. Her er ei tom, enkel historie. Overveldane lydspor, gode, men ikkje alltid like passande nÃ¥r sjølve bilda ikkje gjer inntrykk. Og kjempefin animasjon.

6/10