Store i kjeften og feige mordarar
To førpremierar på meg til halv pris, Den store kinodagen.
«Superbad» er produsert av Judd Apatow, noko som er merkbart i stor grad på rollebestninga, merkbart er det òg at han ikkje har regien. To ungdommar (Jonah Hill og Michael Cera) har ein siste sjans til å ta ein skikkeleg highschoolfest. Desse to og dei andre karakterane er til å sette pris på. Filmen har hausta gode omtalar for å lykkast som meir enn rølpefilm, for å ha litt ekstra djubde, spesielt på det med karakterane. Eg er enig til ei viss grad, men filmen lenar seg nok i hovudsak på grove ord og tonn med faenskap, og det kan eg like! «Superbad» er hysterisk og betre gjennomført enn mykje anna i omtrent same sjanger og har ein ekstra verdi for Apatowfans, men er ingen gudsgåve.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
«The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford» er det stikk motsatte av «Superbad», dønn seriøs og dyster i bøtter og spann. Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at dette ikkje virkar som ein ekte western kan det godt vere eg er på jordet. Den gjer iallfall ikkje noko ut av å vere det, her er det ei god historie som tek all merksemda. Skytinga er fandenivoldsk rå, mindre tilstadeverande i filmen, men skikkeleg skarp på lydsporet. Saman med mange andre ting imponerte dette meg. Mest av alt likte eg filmen fordi den klarar å fortelje historia utan mykje dilldall, og at den fortsatt held høg stand etter det ustanselege skjer når den er sopass lang som den er. Skryt må også Brad Pitt og Casey Affleck få. «TAoJJbtCRF» er nok ein av dei mest komplette nye filmane eg har sett denne hausten og leverar over heile linja.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(3 hittil)