IMDb: 6.6/10 (23,815 votes)
Guillermo del Toro, mannen som nyleg har gitt oss «El Laberinto del Fauno» driv for tiden på med forarbeidet til «Hellboy 2: The Golden Army». Fram til då er det ikkje mykje anna å gjere enn å sjå hans tidlegare arbeid.
«Hellboy» er ein av dei verkeleg gode teikneserieadapsjonane som er komme dei siste åra, og som eg har fått sett. Eit gjensyn var difor etterlengta, og gjennomført no rundt 2.5 år etter første gong eg såg filmen.
Masser av special effects, ein beauty and the beast love story, onde nazistar som gjenoppstår. Ingrediensane manglar det ikkje på, og retten blir god. Dette er 2 timar med heftig action i beste stil.
7/10
IMDb: 8.4/10 (640 votes)
«Pan’s Labyrinth» er eit spansk krigsdrama og fantasifilm som tek i bruk figurar og historie henta frÃ¥ klassiske eventyr og mytologi. Pan, Fauno eller faunen er ein romersk skoggud som her i filmen har ansvaret for Ã¥ teste unge Ofelia om ho er verdig til Ã¥ komme tilbake til undergrunnsriket der sjela hennar eingong tilhøyrte prinsesse Moanna.
Dei som har sett teaseren har stort sett fått med seg smakebitar av dei mest fancy scenene i filmen, noko som er litt synd, for den er ikkje berre med på å gi hint, men også røpe ting ein ikkje burde vite. Heldigvis låg teaseren veldig svakt i minne hjå meg, og alt blei nytt igjen når eg såg filmen.
Mest dominerande er nok historien om Ofelia og mora sin heller dårlege situasjon i hendene på militærkaptein Vidal, fortreffeleg spelt av Sergi López, ein kald jævel som ikkje skyggar unna noko i kampen mot geriljaen som herjar i skogane rundt leiren der filmen finn plass. Sentral i denne samanhengen er også bestyrerinna i hovudbygningen, som befinn seg i ein mellomposisjon av militæret og geriljaen.
Med all den brutaliteten rundt seg, dei harde tidene og ingen ekte far til å verne seg, drøymer Ofelia på lik linje som Jeliza-Rose i «Tideland» seg bort i kvardagen, men eg vil sei på ein meir elegant og fin måte. Ho har også ei mor som etter beste emne tek vare på ho og er sånn sett ikkje åleine.
Fantasidelen av filmen er ikkje så utprega som eg hadde rekna med den ville bli, men eg er slettes ikkje skuffa. Den er meir vaksen enn «Labyrinth», og mystikken er mørkare, veldig passande til filmen sin alvorlege undertone og historie.
Meir enn dette har eg ikkje å sei. Eg var godt fornøgd med filmoppleving, blandinga av eit drama frå krigstider og mørk mystikk uegna den yngre garden. «Labyrinth» vinn nok terreng på setting og direkte spenning.
5/10
IMDb: 6.7/10 (5,712 votes)
Betre enn The Hulk, dårlegare enn Spider-Man. Blir langdryg og tape terreng.
7/10