Vegas er noko så friskt som ein ungdomsfilm sett til Bergen, ikkje Oslo. Det er eit stort pluss. Det finst altfor mange filmar som er sett til Oslo, og sjølv om fleire av dei er gode, så er det fint med forandring.
Dette handlar i all hovudsak om tre ungdommar som ikkje har det så greitt, og som hamnar i lag på ein barneheim der dei ventar på fosterfamilie og sånne greier. Med andre ord er det litt alvor inne i bilde, men Vegas, ein film der tittelen er sånn passe bak mål, er kul på grunn av andre ting. Ein av dei er Helge Jordal, som etter ein lengre pause har gjort eit comeback i denne filmen. Om han har andre filmar i vente har eg ingen peiling på, og eg var i grunn ikkje klar over at det var 10 år sidan sist han var med i ein film, då eg aldri har følgd så godt med på norsk film. Men her er altså Jordal, og han gjer ein framifrå prestasjon i ein lite krevjande rolle. Kudos til Helge!
Så kva med dei andre tinga, som gjer Vegas kul. Jo, det er ein ungdomsfilm som unngår å bli tåpeleg, trass i nokre klisjear her og der. No vil vel enkelte kalle dei for tåpelege, men i mine augo skal det gå eit stykkje før det ikkje er snakk om sjarm. Vegas har sjarm, og den har humor. Ungdommen finn på sprø ting, og eg blir gledeleg overraska over kor godt filmen bygg opp om enkelte scener, før den slår meg i magen med ein vanvittig twist. Folk som har sett den vil moglegvis nikke når eg nemner fotograferinga på danskebåten, eller fødselsdagen i fosterfamilien til Marianne.
Sjølv om Vegas har sine flotte sider, står den seg ikkje spesielt ut når det kjem til handlinga. Filmen har lite å sei, og der den prøver å vere alvorleg, blir den framleis litt for idyllisk, og tek for lett på andre sider som burde ha blitt problematisert. Dette trekk filmen ned til eit greit nivå, betre blir den ikkje.
