Filmdagbok
ness
31-mai-2008

Good Will Hunting (1997)

User Rating: 8.0/10 (104,165 votes)

Eit gjensyn denne kvelden med ein av dei verkeleg gode filmane frå slutten av 1990-talet. Frå manus av Ben Affleck og Matt Damon har Gus Van Sant kokt i hop eit knakande godt drama der Matt Damon og Robin Williams briljerar i dei to viktigaste rollane, første som geni og andremann som psykolog. Kombinasjonen av Danny Elfman og Elliott Smith på lydsporet gjer dessutan opplevinga hakket sterkare.

Will Hunting (Damon) er vaktmeistar på MIT universitetet i Boston og driv elles dank med vennene sine, spelt av bl.a. brødreparet Ben og Casey Affleck. Ein av desse dagane då dei cruisar rundt i sør-delane av byen, også kjent som områda der arbeidarklassen held til, treff dei på gammalt bekjentskap. Lang historie kort, Will endar opp i fengsel. MEN, geni som han er har han før dette løyst eit matematisk problem på tavla i gongen ved MIT der han vaskar golvet om kveldane, professoren som var ansvarleg for matten reddar Will frå fengselsstraff i byte mot at han møter på universitetet ein gong i veka og går til psykolog.

Greia her er, som bråket har etablert, at Will ikkje er ein lett person å ha med å gjere. Møta med psykologen, spelt av Robin Williams, er blant filmens beste sider, men dei kunne ikkje blitt det forutan alle dei mange forteljingane og skildringane rundt miljøet Will ferdast i og oppførselen hans rundt menneske, dette er med på å skape grunnlag til det som skal avdekkast i større grad på psykologens kontor. Utan å bli til ei lang tidtrøyte klarar Gus Van Sant å gjere den heller kvardagslege tonen i manuset til ein film der ting går sin gong med mindre, men nok driv til å gi den framdrifta som trengs.

Eit par småting kan verke forhasta samanlikna med andre, geniet Will Hunting kan virke mindre truverdig for enkelte, eg stussa på det i fem minuttar sjølv, som var grunnen til at eg nemnte det no. Eg har likevel ingen problem med å komme forbi desse småtinga, for det som er greia er at «Good Will Hunting» har, for meg, den perfekte blandinga av det rette miljøet, dei rette karakterane og den rette historia. «Finding Forrester» som var Gus Van Sants andre film etter «Good Will Hunting» har mykje dei same grunnprinsippa som denne og er også ein god film, men her går eg regelrett inn i filmen når eg ser den og tenker ikkje over at Will er Matt Damon og psykologen er Robin Williams. Å bli trukke inn i så stor grad som her er det berre dei beste filmane som får til.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-des-2007

Paris, je t’aime (2006)

User Rating: 7.5/10 (7,826 votes)

Paris18 kortfilmar utgjer «Paris, je t’aime» («Paris, eg elskar deg»), der 21 regissørar har fått boltre seg innan den franske hovudstadens grenser. Eit samarbeid mellom britiske, franske og amerikanske gjer at det dukkar opp kjente ansikt både framfor og bak kamera på tvers av geografien. Det handlar lite om kven som har gjort kva då kortfilmen er eit utradisjonelt område for mange av deltakarane og det til slutt er filmane framfor namna om dette fengar. Felles, som tittelen siktar til, er kjærleik i Paris det sentrale temaet. At ein veit dette gjer at mangelen på anna samanheng er uvesentleg, då det blir skapt ei heilheit av bitane.

Eg skal ikkje graute for mykje rundt omkring namn og Paris, sjølv om sistnemnte gjer seg godt på film og fortenar mangt eit godord som stemningsbyggar. «Paris, je t’aime» står som heilheitleg filmopplevelse på antall innslag av gode mot mindre gode kortfilmar. Eit fåtall stod seg ut som filmane med det vesle ekstra, der alt klaffa, mange av kortfilmane var gode og fekk fram små historiar utan å trykke på alle dei rette knappane, skuffande nok var det godt og vel halvparten (pluss eller minus) som ikkje var meir enn ok. Desse ok kortfilmane var enten forvirrande utan å gi inntrykk av å skulle forvirre, tomme for kjensler utan å skulle vere tomme, eller kortfilmar på middelmådige historiar/handlingar som ser ut til å ro seg i land på eit kjent namn bak eller framfor kamera. Desse mangla gjerne fingeravtrykk og framstår som kortfilmar det ikkje er verdt å nemne.

«Paris je t’aime» er ein fin kollaborasjon, men deler trekk det ned så eg aldri blir sittande med godkjensla lenge i gongen. Det eg mest av alt kunne tenke meg var ein “best of” på ca halvparten av tida, problemet i så fall hadde vore at andre som ser filmen nok har andre favorittar blant kortfilmane og ser andre verdiar i samanhengen mellom desse.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-jan-2006

Drugstore Cowboy (1989)

Drugstore CowboyUser Rating: 7.3/10 (5,772 votes)

Ein narkotikaavhengig blir lei av å ta dop, og bestemme seg for å slutte med gifta. Ein typisk Gus Van Sant film, med eit fengslande historie og truverdige rollefigurar. Og når den er akkurat passe lang, har ein skikkeleg slutt, så gir eg denne godt over gjennomsnittet på vurderingstreet. Brukaroppslutninga frå IMDb ser ut til å vere rettferdig.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-jun-2005

Finding Forrester (2000)

Finding ForresterUser Rating: 7.3/10 (13,705 votes)

I tillegg til «The Legend of Bagger Vance» er dette ein av mine all time feel-good-filmar. Gus Van Sant har servert nok gode filmar på fatet mitt til at eg får lyst til å sjå resten.

Dette var ikkje første gongen eg såg filmen, og med tanke på det rolege tempoet var det ein sjanse å ta for at filmen skulle fenge like bra no. Men dette er kvalitet. Sean Connery er på kanten, eg veit ikkje om eg kan heilt godta spelemåten hans på den avdanka forfattaren me møter her.

Oppfølgarar til denne type film er svært sjeldan, men eg kunne godt tenke meg ein likevel.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-nov-2004

Elephant (2003)

ElephantUser Rating: 7.3/10 (6,947 votes)

Ein av dei beste filmane eg har sett på ei stund. Denne gir eit godt innblikk i ein vanleg skuledag på high school i USA, fram til to elevar kjem fullasta med våpen og ammo inn på skulen. Lagt til søndag 21. november: Men største delen av filmen handlar om ein vanleg skuledag, så ikkje bli skuffa over å måtte sjå ein litt rar film ei god stund før skytinga startar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10