Diamonds Are Forever (1971)

IMDb: 6.7/10 from 30,600 users

Diamonds Are Forever markerte Sean Connery sitt første av to tilbakekomstar i rolla som James Bond, den andre var som ein middelaldrande Bond i filmen Never Say Never Again i 1983. Avbrekket som var George Lazenby i On Her Majesty’s Secret Service fekk opprinneleg kontrakt sju filmar, men blei overtala av agenten sin til Ã¥ trekke seg ut av franchisen. Agenten meinte at serien aldri ville overleve 1970-talet, og det blei med ein opptreden for Lazenby som Bond.

Før Roger Moore tok over spelte altså Connery inn endå ein Bond-film. Diamonds Are Forever handlar om diamantsmugling og har ei handling som flyttar seg rundt heile verda før me hamnar i USA. Drivkrafta til filmen er målet, og målet er for oss å finne ut kven som er skurken og kva som gjer diamantane viktige. For å unngå avsløringar får dette halde. Filmen er ikkje spesielt komplisert og ein skjønnar raskt kva som lurer bak. At det er rotete og mange stopp undervegs trekk heilskapen ned, men det er nok av humor i det dårlege til at eg ikkje kjedar meg.

Ein anna ting som manglar er iveren og energien. Sean Connery går på autopilot og få av dei typisk kjappe Bond-bemerkningane hans sit spesielt godt. Det kan ha med å gjere at Connery sa han var lei av å spele Bond etter You Only Live Twice. Eller det kan vere at manus ikkje sat heilt stødig. Regissør Guy Hamilton har eg mine tvil om at skal lastast for resultatet, mannen stod bak ein av dei beste filmane, Goldfinger.

Det er sjeldan eg diskuterar karakterar her, men Diamonds Are Forever har eg vanskeleg med å plassere. 6/10 er litt for bra, mens 5/10 blir for midt på treet då den har ein del småting som fungerer godt innimellom. Eg let ikkje tvilen komme til gode og gir ein 5/10 denne gongen, i hovudsak grunna Sean Connery.

5/10

Goldfinger (1964)

IMDb: 7.9/10 (37,527 votes)

Ein ting eg har lagt merke til i dei fire første James Bond-filmane (den neste i rekka inkludert) er ein tendens til Ã¥ ut av det blÃ¥ føle trangen til Ã¥ køyre ting i rask kino, noko som virka bÃ¥de billeg og unaturleg. Andre stader er det brukt kreativ klypping, ein variant eg er meir for, men det beste er jo sjølvsagt Ã¥ fÃ¥ servert gode, lange tagningar — her er vel prislappen og teknologien ein viktig faktor.

Frå den noko upassande måten å opne mine ord om «Goldfinger» på, kritisk, hoppar eg rett på sak: Dette er ein god film. Plotet sit som støypt, litt enkelt er det, men det tek ikkje inn vatn over hovudet, planane til skurken blir gradvis avslørt, og før den tid er det nok av spionleiking og anstrengte møter mellom James Bond og forskjellige kriminelt involverte. Så kjem sjølvsagt alle kvinnemøta i tillegg, det er jo ikkje å legge skjul på at «Goldfinger» er gjennomført på den måten heller.

Q får sin mest fullkomne framsyning hittil ved presentasjonen av det som kanskje er blant tidenes mest kjente Bond-bil, Aston Martin DB5, ein vakker liten sak fullpakka av teknologi og våpen. Alle desse bitane gjer at «Goldfinger» av mange blir kalla den definerande Bond-filmen, der dei fleste kjenneteikna for resten av serien er på plass i lag.

Dessutan får me servert ein flott opningsmelodi som fengar umiddelbart, eg kosar meg. Når det gjeld karakteren her er dette altså ein betre 7-ar enn «Dr. No», på ei anna side synst eg filmane er passe forskjellige til at det blir litt problematisk å vurdere dei på same skala. Dei er begge underholdande, begge på James Bond vis, men likevel på ulike måte. Slik blir det også med «Goldfinger» mot den neste i rekka, «Thunderball», som igjen bevegar seg litt til sides. Slik det skal vere.

7/10