Revolver (2005)

IMDb: 5.9/10 (4,084 votes)

RevolverViss du likar «Snatch.» og «Lock, Stock and Two Smoking Barrels», så bør du ikkje sjå denne filmen her. Guy Ritchie har bomma til dei grader at denne filmen berre bli ei einaste blanding av rot og rask klypping. Historien er innvinkla, men mogleg å forstå etter kvart, dette er likevel ikkje hinder for i at det blir kjedeleg. Det ser ut som det er prøvd for mykje, så det blir på ein måte litt smør på flesk. Litt harskt kanskje. Sammenlign det med bloggposten her, kor eg har skreve ein del poeng på ein oppsummerande måte, men det er likevel ikkje den beste flyten.

5/10

Snatch. (2000)

IMDb: 8.0/10 (57,153 votes)

SnatchKven kan ikkje like ein beksvart komedie? Snatch er nok ein av dei betre, på linje med «Lock, Stock and Two Smoking Barrels». Ein godt skrive historie, samt godt skodespel, spesielt av Brad Pitt. Dette er ein av dei betre filmane eg har sett han i, men eg har tilgode å sjå «Se7en» då. God kameraføring, og med ei nydeleg gullbrunt filter over bilde, som passar perfekt til stemninga. Det er alltid noko som skjer, og filmen kastar ikkje vekk eit minutt. Ta flyturen frå USA (New York?) til London, her er det ikkje kasta vekk eit sekund.

Dialogane er fyllte med ordspel og referansar. Og enkle one-liners dukkar sjeldan opp, men dei som dukkar opp er heldigvis gode. Mange av scenene er faktisk ganske så vakre å sjå på, trass den mørke undertonen.

7/10