Filmdagbok
ness
20-mar-2008

The Time Machine (1960)

User Rating: 7.6/10 (7,685 votes)

The Time MachineBasert på ei bok av H. G. Wells, vidt kjent for spesielt «The War of the Worlds», satte George Pal «The Time Machine» på film i 1960. George (filmens, ikkje George Pal eller Herbert George Wells), britisk herremann og oppfinnar, har invitert sine akademiske venner over for å vitne hans nye oppfinning, ei tidsmaskin. Miniatyrmodellen han viser fram blir sendt uvisst langt inn i framtida og ingen av vennene trur på han då forsvinninga vanskeleg kan vere eit bevis. Satt seg til å overbevise dei hoppar han i fullskalamodellen som står på arbeidsrommet og reiser sjølv fram i tid.

På vegen gjer han eit par stopp før han susar fram til år 802 701, der han 12. oktober stoppar. Kan framtida bringe eit mindre krigslystent og heller lysare samfunn enn det som prega hans 1899?

«The Time Machine» er meir morsom enn dramatisk, men framstår som velprodusert framfor den ufrivillige humoren fleire B-filmar ofte bidreg med i form av elendige kostymer. Musikken er i overkant kraftig,viss det skjer noko som skal vere dramatisk er det ingenting i vegen for at kamera brått går nær på ein karakter og musikken blir forsterka gode 10 gonger. George og vennene er stive og veldig britiske i si framtoning, når George når år 802 701 og møter folk der, blir han meir overraska over deira holdningar til bøker enn at dei faktisk snakkar engelsk, reaksjonen hans er ein fryd å følge med på.

morlocksSjølv om «The Time Machine» har store forskjellar frå nytolkninga som kom i 2002 er det skurkar her òg, eg nemner lysande auger, sølvgrått hår og blå kroppar. The Morlocks heiter dei, og er den store trusselen for Eloi-folket, kan George som det siviliserte menneske han er vere redninga?

For ikkje å røpe meir av handlinga, som burde vere kjent for dei fleste som har satt seg for å sjå «The Time Machine», avsluttar eg her om det som var ein til tider festleg film, herleg kombinasjon av fargesterk metrocolor, plastikkfruktkulisser og minatyrmodellar. Her og der er det ting eg saknar og som som trekk ned, men eg vil ikkje sei for mykje om dette då eg heller vil gi folk sjansen til å sjå og vurdere denne sjølv.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
06-apr-2007

War of the Worlds (2005)

User Rating: 6.7/10 (70,089 votes)

War of the WorldsForkjølelse, antydning til hovudverk, og «War of the Worlds» minus 15 minutt. I HD. Min første HD-opplevelse på tv faktisk. Utan at eg eigentleg var klar over det før langt ut i filmen.

Det var mest tilfeldig at eg enda opp med å sjå denne i kveld, når eg på besøk hamna midt i oppstarten under forbi-zapping via Canal+ (i HD). Det var altså dei første minuttane eg gjekk glipp av, så lite viktig at eg kryssar av i skjeftet for å ha fullført filmen.

Tom Cruise hamnar midt i suppa når romvesen angrip. Visstnok angrip dei over heile verda, så alle er jo midt i suppa. Ved si side har to barn, Dakota Fanning som skrik seg gjennom filmen, og ein irriterande Cruise-lookalike som går under rollenamnet Robbie. Ingen, verken unge eller eldre bemerkar seg i prestasjonane.

Filmen består stort sett mest av venting, venting og øydelegging. Øydelegginga er CGI i bøtter og spann, og ikkje av spesiell interesse for meg. Utruleg flott laga er det nok, alle effektane osar av gryn til utvikling, og i HD legg ein ekstra merke til dette. Og sveitteporane til Tom Cruise.

Filmen er ikkje dårleg sånn eigentleg, den har det tekniske på si side, og litt anna. Av litt anna kan eg trekke fram rollefiguren Cruise spelar, som tek avstand frå dei mest forventa klisjeane i mange nok situasjonar til at eg legg merke til det. Robbie derimot, har fått for seg at han kan redde verden ved å joine militære - mot farsans vilje. Dust altså!

Så «War of the Worlds» funka greitt. Ein del av æra må gå til filmkompanjongen som var med å gjere narr av ting undervegs. Eg trur filmen ville ha kjeda meg om eg skulle sett den åleine.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10