
BMX virka kult, sykkelsekvensane i «Rad» har ingen problem med å få fram dette. Underdogen Cru sin kamp for å komme seg fram blant dei beste BMX-utøvarane i landet gir òg filmen ei stemme eller eit formål. Måten «Rad» til dei grader spelar på den dengong veksande interessa for BMX er i seg sjølv artig å følge med på. Men limet som held alt saman, skodespelet som er grunnlaget for handlinga, dei enkle og ikkje fullt så effektive sekvensane som utgjer den viktige utviklinga i filmen, er berre med på å bekrefte dette som ein fenomenfilm utan solid botn.

Eg skal ikkje gå rundt grauten, denne filmen er ein av dei verste eg har sett på ei god stund. Alt er dårleg. Musikken er grusom, skodespelarane er dårlege, vitsane er tamme, historien er for simpel. Eg kan eigentleg ikkje skjønne at eg har høyrt om filmen før. Den fortena ingen ros. Men fortena slakt.