Halloween: Resurrection (2002)

IMDb: 3.9/10 (11,740 votes)

halloween_resurrectionSiste film i «Halloween»-serien før Rob Zombie køyrte ein omstart med nyinnspeling i 2007. «Resurrection» er klart den nest dårlegaste av filmane, og lenge eit slit å komme seg gjennom. Men så skjer det at filmen tek seg ørlite opp siste halvtimen, og klarar å bli, om ikkje god, så ikkje mykje dårlegare enn den femte og sjette. Filmen spelar på eit dårleg realitykonsept, lik «Big Brother» som var relativt ferskt og populært på den tida, men det blir meir komisk enn grøss og spenning. «Halloween»-magien som var tilstades i dei dårlegaste filmane (minus trearen), er også borte.

4/10

Halloween H20: 20 Years Later (1998)

IMDb: 5.3/10 (19,902 votes)

halloween_h_two_oEtter nedturen «The Curse of Michael Myers» er «H20» som gull Ã¥ rekne, med omsyn til heile filmserien har faktisk denne scener som kjem pÃ¥ øvste del av lista over minneverdige augeblinkar. Jamie Lee Curtis er tilbake og handling frÃ¥ «Halloween 3» tilogmed «The Curse …» har aldri skjedd. «H20» er bÃ¥de ein frisk nesten-omstart i franchisen og ein habil skrekkfilm, spennande og grusame scener som veg opp for eit par upassande og halvkomiske. Josh Hartnett debuterar utan Ã¥ prestere pÃ¥ topp, men er som omtrent alle andre i filmen del av den beste rollebestninga hittil. Manglar Pleasance. Svak sjuar.

7/10

Halloween: The Curse of Michael Myers (1995)

IMDb: 4.4/10 (7,534 votes)

halloween_the_curse_of_michael_myersSjette film i serien manglar alt av spenningsoppbygging, her er det nedslakting i full fart. Det er i mellom drapa det skal skje bra ting, men her er det mangel på stader å bruke godord. Paul Rudd er på sitt mest anonyme. Forsøket på å nauste i hop trådane frå dei forrige filmane er det mest minneverdige, men det blir påtatt og tamt. Donald Pleasance leverar nok ein parodi på sin tidlegare Dr. Sam Loomis, og det ein dårleg. Diverre døydde Pleasance under produksjonen. Altså er dette nok ein film det går an å hoppe over for ikkje spesielt interesserte.

4/10

Halloween 5 (1989)

IMDb: 4.5/10 (8,078 votes)

halloween_five«Halloween 5» vil bli hugsa for rekordmange gjentakingar av namnet Tina, og ein tynn historie som famnar om ein telepatisk link mellom Michael Myers og niesa hans. Dr. Sam Loomis begynnar så altfor tydeleg å bli gammal, og har gått meir over til å bli ein parodi på seg sjølv enn godt er. «Halloween 5» er ikkje spesielt god, og vil fort bli gløymt. Der «Halloween 4» hadde ein overraskande slutt klarar ikkje oppfølgaren å følge opp. Det endar opp med å bli ei håplaus jakt på Michael Myers som både varer lenge og er langt frå spennande. Tommel ned.

4/10

Halloween 4: The Return of Michael Myers (1988)

IMDb: 5.6/10 (9,567 votes)

halloween_4_poster_01Etter den grusomme «Halloween 3» blir fjerde filmen eit stort steg i rett retning. Den er ikkje best hittil, men eit hakk under nummer to. Me får det som er å forvente, ein Michael Myers som ikkje er død, og det same kan seiaste om Dr. Sam Loomis. Trådane til nummer to er tynne, men ikkje spesielt viktige. Oppbygginga som går over første timen er som brødskive, noko du tenker lite over at du får i deg. Mens siste del eigentleg gir oss så mykje action ein kan forvente, før ein nydeleg og hårreisande slutt rundar av filmen med stil.

6/10

Halloween III: Season of the Witch (1982)

IMDb: 3.7/10 (10,866 votes)

halloween_3Namnet og eit glimt av «Halloween» på TV-skjermen er einaste klare koplinga til franchisen eg kunne finne. Elles er dette verken Michael Myers eller Sam Loomis, det er heller ikkje bra. Jo vent, bildekvaliteten var god, musikken var småtøff, reint elles luktar dette rett-på-video. Det som gjer den muleg å sjå ferdig er det morosame i det dårlege, og dei periodane av filmen eg datt fullstendig ut og ikkje fekk med meg noko. All handling er forutsigbar som fy, men det ligg litt underhalding i den tekniske vinklinga i historia. Samanhengen til tittelen gjekk meg dessutan hus forbi, finst den?

3/10

Halloween II (1981)

IMDb: 6.3/10 (15,023 votes )

halloween_ii«Halloween II» er omtrent like god som den første filmen, og på sin måte ein annleis film. Både terror og vedvarande scener med grøss er innslag, mens den første filmen spelte meir på oppbygging rundt det usette. Som oppfølgjar er den svært god, då den tek konseptet og gjer noko nytt ut av det, men beheld essensen, som er folks uunngåelege møter med Michael Myers. Jamie Lee Curtis er diverre langt mindre synleg enn i første filmen, og sjølv om det ikkje pregar filmen for mykje gjer einskilde rollar dumme val undervegs. Men det er spenning, og musikken er god.

7/10

Halloween (1978)

IMDb: 8.0/10 (54,990 votes)

halloweenEg skal sjÃ¥ alle «Halloween»-filmane, eit gjensyn med den første var pÃ¥ plass. Det som funkar med «Halloween» er at den ser pÃ¥ seg sjølv som eit seriøst skrekkfilmbidrag, og det smittar over pÃ¥ meg under visninga. Den spelar meir pÃ¥ frykten for det ukjente, som publikum tek det f.eks. lang tid før me fÃ¥r sjÃ¥ Michael, enn pÃ¥ blod og drap — noko det er imponerande lite av. Sjølv om den er forutsigbar i oppbygginga og aldri vil bli nominert for Oscar i godt skodespel, er det ein habil halvannan time den resulterar i. Men kanskje litt langsom.

7/10

Halloween (1978)

IMDb: 7.8/10 (29,158 votes)

Halloween«Halloween» er blitt eit ikon innan grøssarsjangeren etter den kom ut og gjorde stor suksess i 1978. Med eit budsjett på knappe 325,000 amerikanske dollar skapte John Carpenter ein film som ikkje berre tente inn 47 millionar dollars (box office), men som óg har blitt inspirasjon for ei lang rekke slasherfilmar i ettertid.

Mange idear til filmen kjem frå Alfred Hitchcocks «Psycho». Både med tanke på måten Michael Myers blir framstilt som voyeur i kamerabruken, uvissheita rundt det som faktisk skjer (mykje er overlate til fantasien her) og den minimalistiske bruken av blod og gørr. Det reddar filmen i mine auge.

Michael Myers, drapsmannen her, rømmer frå eit sinnsjukehus. I tankane sine har han berre ein ting: drap. Eller har han meir? Det er ikkje lett å forstå motivet til maskemannen, nok ein del av filmen som blir overlate til fantasien. Laurie (Jamie Lee Curtis) er den uskuldige barnevakta som hamnar i radaren til Myers.

Musikksporet som med hard pianoklimpring trykker på nervane gjennom heile filmen er med på å skape ei småekkel stemning som eg sakna i nyare grøssarar (frå statane), likevel om det er svært lite som skjer før slutten nærmar seg.

Eg har med dette prøvd å danne eit grovt bilde av kva slags type film dette er, og kva som kan forventast. Det er ein likandes film, sjølv om den ikkje når opp til John Carpenters «The Thing», om ein så skulle velje. «Halloween» er óg eit absolutt must som referansefilm til seinare slasherfilmar.

7/10