Secondløitnanten (1993)

IMDb: 6.6/10 (182 votes)

Då Espen Skjønberg spela i lag med Bjørn Sundquist i En håndfull tid, kunne eg ha vore begeistra. Møte desse to i mellom, i Secondløitnanten, er nettopp det eg den gongen kunne ha tenkt meg.

Hans Petter Moland har samla fleire solide skodespelarar til denne norske krigsfilmen. Me flyttar oss til tilbake i tid, til tyskarane sin invasjon av Noreg, og følgjer ein eldre sjømann som vervar seg til dei norske forsvarsstyrkane. Espedal (Skjønberg) blir sett ned på grunna alder og bruken av ei datert rang, men beviser seg sjølv som ein ekte fridomskjempar.

Espedal er ein person som er lett å like i ei hovudrolle. Han er ein helt, men har sine feil, utan at han må oppføre seg som ein idiot for å vise ei slik side. Filmen består i all heilskap av veldig få episodar ein stille spørsmål til, og får fram både realitetane i ei enkelt motstandsgruppe og situasjonen i landet. At me veit utfallet betyr ikkje noko i negativ forstand, men gjer heller at historia kan forteljast på ein lysare måte, då mørke uansett lurer i bakgrunnen. Nettopp dette gjer Secondløitnanten til ei tidvis lystig, ikkje useriøs, forteljing.

8/10

Kjærlighetens kjøtere (1995)

IMDb: 7.5/10 (572 votes)

Henrik Larsen (Gard B. Eidsvold) reiser etter eit mislykka frieri frå varme Oslo til kalde Grønland der han skal drive jakt for eit fangstkompani. I lag med to andre skal han halde til på eit isolert område i eit år.

Folka han møter er som staden kalde ytterpunkt i samfunnet, Randbæk, Stellan Skarsgård i ein av hans beste rollar og Holm, Bjørn Sundquist, er like forskjellige frå kvarandre som frå Larsen, men i den ugjestmilde naturen er dei alle avhengig av kvarandre.

«Kjærlighetens kjøtere» er ei brutal psykologisk og fysisk historie, der natur og kultur ligg på frysepunktet og avstanden til galskap store delar av filmen ligg og vippar på 0. Nokre lyspunkt gir håp utover og ei tydeleg karakterutvikling, først og fremst med Larsen, gjer at ein aldri blir for komfortabel med å forstå handlingan undervegs.

Eg hadde høyrt mykje bra om «Kjærlighetens kjøtere», men blei tatt litt på senga over kor komplett denne føles, kor godt den brukar tida og held seg sjølv i live over 2 timar, utan å faktisk ha så mykje anna enn forholdet mellom tre vidt forskjellige menn langt unna allfarveg å styre med.

8/10

The Beautiful Country (2004)

IMDb: 7.3/10 (643 votes)

The Beautiful CountryHans Petter Molands dramatiske film om den vietnamesiske guten Binh (Damien Nguyen), som har hatt ei hard oppvekst fordi han er «bui doi». Ã… vere «bui doi» betyr at han har vietnamesisk mor, men amerikansk far som var soldat i landet under Vietnamkrigen. Binh veks opp pÃ¥ landet, men blir kasta ut pÃ¥ grunn av plassmangel nÃ¥r eine jenta i huset skal gifte seg. Han fÃ¥r vite at mora hans framleis lever og reiser for Ã¥ finne ho. Vidare involvera filmen blant anna ei lang og hard reise til USA.

Filmen er over to timar lang, og kjem i den lengdekategorien eg har vanskeleg for å sette meg ned med. Men laurdagskveld som det er, så har eg hatt god tid til å sjå den. Tankane mine til filmen går i den retning at eg slapp den type forutsigbarheit i form av handlingane folk gjer, og dei avgjerelsane dei tek, og at eg derfor kunne fortsette å sjå, ettersom eg ikkje visste korleis ting skulle gå. Om slutten var overraskande kan jo heller diskuterast, men vegen dit var verkeleg ei sterk historie, og innehar ein del tragiske episodar. Filmen handlar om håp for det betre, enn at forandringar faktisk skjer. Akkurat når ein trur folk er på veg til å bli betre personar, så blir ein skuffa. For her er det ingen svinging med tryllestaven.

Tittelen The Beautiful Country har meir enn ei meining. For Binh er det USA som er det vakre landet, for Steve (Nick Nolte) er det Vietnam som er det. Om desse landa utelukkande kan bli kalla vakre bør også bli teke opp for diskusjon, for bilde me får i filmen er til tider langt frå det tittelen lovar. Filmen til sjuande og sist, er vakker, både på bilde- og musikkfronten blir det lagt opp til det rolege og skjønne. Til slutt kan eg nemne at det var den amerikanske versjonen på 125 minutt eg såg, medan den norske er på 137 minutt.

6/10